Hjem
Studentsider
Årsstudium

Mediefagsdidaktikk 1

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Undervisninga er knytt til studentanes praksis enten i Medie- og informasjonskunnskap eller i Media og kommunikasjon i den vidaregåande skulen.

Overordna læringsmål for emnet er at studentane kritisk skal diskutere egen praksis i lys av mediedidaktisk litteratur.

Mediefagsdidaktikk 1 vil gje introduksjonar til mediefagets plass og grunngjeving i skolen, læreplanane i Kunnskapsløftet, og grunnleggande didaktiske utfordringar knytt til metodikk, vurdering og danning. Førstesemesteremnet vil ha et spesielt fokus på utferdingar knytt til mediefagets samfunnsvitskapelige deler.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale mediedidaktiske emne og problemstillingar, særlig i forhold til fagets samfunnsvitskapelige deler.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan diskutere sentrale utfordringar i praksisfeltet i lys av mediedidaktisk teori, og reflektere kritisk over fagets grunngjeving og målsettingar i skulen.
  • kan utarbeide skisser til sjølvstendige undervisningsopplegg, og grunngje emne- og metodeval ut frå både generelle og konkrete læringsmål.
  • kan forklare og eksemplifisere korleis medieundervisning kan bidra til å realisere læreplanenes målsettingar om danning og demokratisk deltaking.
  • kan gje ein kritisk vurdering av læreplanenes målsettingar og faglige prioriteringar, og gjøre greie for sentrale utfordringar i arbeidet med å realisere relevante kompetansemål i mediefaget.

Krav til studierett

Emnet er forbeholdt studenter på Praktisk-pedagogisk utdanning

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som førelesningar og seminar (16-20 timer).

Undervisninga er knytt opp mot studentanes praksisperiode.

Kvar student har tilbod om 1 time individuell rettleiing på emneoppgåva.

Studentane vel sjølv relevant litteratur for det obligatoriske arbeidet og for emneoppgåva, i samråd med faglærer, og med utgangspunkt i emnets anbefalte litteratur.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere inn en skisse til et undervisningsopplegg (omtrent 800 ord), og presentere og vurdere opplegget på et av seminara. Se egne retningslinjer.

Vurderingsformer

Rettleia semesteroppgåve med omfang ca. 3000 ord. Oppgåva skal diskutere utfordringar frå praksisfeltet eller studentens egen praksis, i lys av mediedidaktisk litteratur.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontakt

Kontaktinformasjon

post@infomedia.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleia skriftleg oppgåve

    Innleveringsfrist
    14.12.2020, 14:00
    Trekkfrist
    23.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen