Hjem
Utdanning
Årsstudium

Mediefagsdidaktikk 3

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

DIDAMEVI3 er retta inn mot studentar som har fått opptak til den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU) med eitt undervisningsfag.

Målet med studiet i mediefagsdidaktikk er at studentane skal lære å reflektere kritisk over praksisfeltet og egen praksiserfaring i lys av litteratur og teori. Emnet legg vekt på tematiske diskusjonar med utgangspunkt i utvalte tekster. Emnet vil fokusere på digitale læringsverktøy, digital kompetanse i mediefaget, og elevane sine føresetnader i mediesamfunnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har

  • spesialisert innsikt om elevane sine føresetnader, bruk av digitale verktøy, og digital kompetanse i mediefaget
  • avansert kunnskap om sentrale vitskapelege bidrag innanfor disse emna
  • inngåande kjennskap til relevante døme på forskings- og utviklingsarbeid i skulen
  • inngåande kjennskap til utfordringar i mediefaget i norsk vidaregåande skule knytt til elevane sine føresetnader og digitale kompetanse

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gjere greie for og diskutere utvalte vitskapelege tekstar på feltet
  • anvende teoriar, omgrep og perspektiv frå litteraturen til kritisk refleksjon av praksisfeltet og egen praksis
  • diskutere og anvende prinsipp for bruk av digitale læringsverktøy i mediefaget

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med eitt undervisningsfag.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som førelesningar og seminar, 10-14 timer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på førelesningar og seminar (minimum 80%)

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar, 3000 ord.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir vurdert av faglærer kvart år, og av studentar minimum kvart 3. år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

post@infomedia.uib.no

Eksamensinformasjon