Hjem
Utdanning
Årsstudium

Mediefagsdidaktikk 4

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIDAMEVI4
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

DIDAMEVI4 er retta inn mot studentar som har fått opptak til den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU) med eitt undervisningsfag.

Målet med studiet i mediefagsdidaktikk er at studentane skal lære å reflektere kritisk over praksisfeltet og egen praksiserfaring i lys av litteratur og teori. Emnet legg vekt på tematiske diskusjonar med utgangspunkt i utvalte tekstar. Emnet vil fokusere på demokratisk danning i mediefaget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har

  • spesialisert innsikt om føresetnadene for demokratisk danning i mediefaget
  • avansert kunnskap om fagdidaktiske prinsipp og arbeidsmåtar som fremmer demokratisk danning, med særlig vekt på bruk av dataspill og simuleringar
  • avansert kunnskap om sentrale vitskapelege bidrag om demokratisk danning i mediefaget
  • inngåande kjennskap til relevante døme på forskings- og utviklingsarbeid i skolen

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gjere greie for og diskutere utvalte vitskapelege tekster på feltet
  • anvende teoriar, omgrep og perspektiv frå litteraturen i kritisk refleksjon over praksisfeltet og egen praksis
  • diskutere og anvende prinsipp som fremmer demokratisk danning, med særlig vekt på bruk av dataspill og simuleringar

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med eitt undervisningsfag.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som førelesningar og seminar, 10-14 timer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på førelesningar og seminar (minimum 80%)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet blir vurdert av faglærer kvart år, og av studentar minimum kvart 3. år.

Kontakt

Kontaktinformasjon

post@infomedia.uib.no