Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Nordisk fagdidaktikk for PPU 1

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeDIDANOR1
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan òg verte brukt.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i nordisk fagdidaktikk for studentar som har norsk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:

1. Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.

2. Språklæring og språkutvikling.

3. Tekstforståing og tekstskaping.

4. Lesing og litteraturdidaktikk

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten:

* har brei norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på den vidaregåande skulen

* har brei kunnskap om norskfaget si samfunnsmessige rolle og utvikling

* har brei kunnskap om norskfagleg læring og danning

* har inngåande kunnskap om skriveprosessar og vurdering av norskfaglege tekstar

Ferdigheiter:

Studenten:

* kan planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga norskfagleg undervisning

* kan leggje til rette for norskfaglege læringsprosessar og skape eit trygt læringsmiljø

* kan vurdere norskfaglege tekstar og gi læringsfremmande tilbakemeldingar

Generell kompetanse:

Studenten:

* kan formidle norskdidaktiske problemstillingar på eit høgt nivå

* kan reflektere over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål

* kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse

Krav til forkunnskapar

Minimum 60 sp i nordisk språk og litteratur eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og dugleikar i begge dei norske målformene.

Studiepoengsreduksjon

Kan berre gjevast etter individuell vurdering.

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

- Minst 24 timar førelesingar/seminar der det blir lagt opp til studentaktivitet.

- 4 timar fellesførelesingar i språkdidaktikk

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Det er venta at studentane er til stades på det meste av undervisninga, og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Godkjent utkast til mappeoppgåve

Vurderingsformer

emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering med to tekstar: til saman ca 20.000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa i byrjinga av semestret. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget blir rett og god språkføring vektlagd. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mitt UiB.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Pensum tilsvarer ca. 500 sider av normal vanskegrad. Av desse eit utval sider sams for alle språkfaga.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet, UiB.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

laerer@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    15.03.2019, 13:00
    Trekkfrist
    01.03.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen