Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Nordisk fagdidaktikk for PPU 2

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIDANOR2
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal utdjupe kunnskapen i nordisk fagdidaktikk for studentar som har norsk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:

1. Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.

2. Lesing, litteraturdidaktikk og teksthistorie

3. Norskfagleg danning og kunnskapssyn

4. Lesing og litteraturdidaktikk

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har inngåande norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på ungdomstrinnet

* har inngåande kunnskap om norskfagleg læring og danning

* har brei innsikt i leseprosessar og om korleis elevar kan tileigne seg kunnskapar om litteratur og tekst

* har kunnskap om tilrettelegging for norskfagleg læring for elevar med ulike læreføresetnader

* har nyansert kunnskap om norskfaget si rolle i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan planlegge, gjennomføre og vurdere norskfagleg undervisning

* kan leggje til rette for varierte norskfaglege læringsprosessar og skape eit motiverande og inkluderande læringsmiljø

* kan fremje lesekompetanse gjennom reflektert bruk av ulike litterære tekstar og tekstmodalitetar

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan formidle norskdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå

* kan reflektere kritisk over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål

* kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse og skulen som kollegium og organisasjon

Krav til forkunnskapar

Minimum 60 sp i nordisk språk og litteratur eller tilsvarande og fullført DIDANOR1 med godkjent praksis.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og dugleikar i begge dei norske målformene. 

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

- Minst 20 timar førelesingar/seminar der det blir lagt opp til studentaktivitet.

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Det er venta at studentane er til stades på det meste av undervisninga, og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

-Obligatorisk rettleiing dersom ein vel prosjektoppgåve

-Mappeoppgåve dersom ein vel munnleg eksamen (jf. nedanfor)

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Vurderingsforma er eit val mellom ei rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. Ved oppmelding vel ein eksamensform slik at studenten tek munnleg eksamen i det eine fagdidaktiske emnet sitt og rettleidd oppgåve i det andre. Det er høve til å byte vurderingsform i dei to emna. Frist for å byte vurderingsform vil verte kunngjord ved semesterstart.

Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåve) skal ha eit omfang på om lag 20.000 teikn, vedlegg ikkje medrekna.

Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten leggje ein disposisjon for presentasjonsdelen inn i Mitt UiB seinast ei veke før eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 500 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval tekstar sams for alle språkfaga.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.no Tlf: 55 58 24 00