Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fagdidaktikk i norsk som andrespråk for PPU 2

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeDIDANORAN2
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagdidaktikk i norsk som andrespråk inngår som ein del av universitetet si norsklærarutdanning.

Emnet skal utdjupe kunnskapen i norsk andrespråksdidaktikk for studentar med norsk som andrespråk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:

1) Norsk som andrespråk som danningsfag og reiskapsfag

2) Læringsgang og tilpassa opplæring

3) Lesing, tekst og kultur i eit andrespråksperspektiv

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- har kunnskap om eit breitt register av strategiar for å fremje språkkompetansen og kulturkompetansen hjå elevar med norsk som andrespråk

- har inngåande norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på ungdomstrinnet

- har god kunnskap om læreplanar og kan grunngje målsetnader i faget i eit kultur- og danningsperspektiv

- har brei innsikt i leseprosessar og om korleis elevar med norsk som andrespåk kan tileigne seg kunnskapar om litteratur og tekst

- har inngåande innsikt i læringsteoriar knytt til tospråklegheit, mellomspråk og samanhengar mellom kulturbakgrunn og tekstkompetanse

Ferdigheiter

Studenten

- kan planlegge, gjennomføre, reflektere og vurdere eiga undervisning

- kan reflektere kritisk korleis tospråklegheit og ulike forhold til skriftkultur i ei fleirkulturell elevgruppe kan påverke arbeid i norskfaget

- kan leggje til rette for varierte læringsprosessar og skape eit motiverande og inkluderande læringsmiljø

- kan vurdere lærebøker og andre læremiddel i norsk som andrespråk

- kan fremje lesekompetanse gjennom reflektert bruk av ulike litterære tekstar og tekstmodalitetar

- kan gi læringsfremjande rettleiing og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar

Generell kompetanse

Studenten

- kan formidle norsk som andrespråksproblemstillingar på eit avansert nivå

- kan reflektere kritisk over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål

- kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse og skulen som kollegium og organisasjon

Krav til forkunnskapar

Minimum 60 sp i norsk som andrespråk eller tilsvarande og fullført DIDANORAN1 med godkjent praksis.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og dugleikar i begge dei norske målformene.

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert gjeve minst 20 timar undervisning fordelt på førelesingar og seminar.

Rettleiing og skulebesøk

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDANORAN2 må studenten ha fått:

Obligatorisk rettleiing dersom ein vel prosjektoppgåve

eller

Mappeoppgåve dersom ein vel munnleg eksamen (jf. nedanfor)

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Vurderingsforma er eit val mellom ei rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. Ved oppmelding vel ein eksamensform slik at studenten tek munnleg eksamen i det eine fagdidaktiske emnet sitt og rettleidd oppgåve i det andre. Det er høve til å byte vurderingsform i dei to emna. Frist for å byte vurderingsform vil verte kunngjord ved semesterstart. Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåva) skal ha eit omfang på om lag 20 000 teikn, vedlegg ikkje medrekna.

Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten leggje ein disposisjon for presentasjonsdelen inn i Mitt UiB seinast ei veke før eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 500 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.no