Hjem
Studentsider
Årsstudium

Fagdidaktikk i psykologi - første semester

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

PPU

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Første semester av fagdidaktikk i psykologi (7,5 studiepoeng DIDAPSYK1) er ein introduksjon til undervisning av programfaget psykologi i vidaregåande skole (VGS).

Programfaget i psykologi for VGS gir elevane ei innføring i sentrale psykologiske emne. Det gir ei orientering om viktige psykologiske forskings- og bruksområde, og trekk ved den moderne psykologiens historie. Faget gir grunnleggjande kunnskap om kva som hemmar og fremmer psykisk helse. Det er eit allmenndannande fag som gir grunnlag for å bruke kunnskap om psykologi til å utvikle seg sjølv.

Fagdidaktikk i psykologi tar for seg kva psykologifaget i VGS består av, korleis læraren kan lage gode undervisningsopplegg i dette faget, og grunngjeving for val av undervisningsaktivitetar i psykologifaget. Studiet tar for seg psykologifaget som danningsarena, ulike læreprosessar og tilrettelegging av psykologiundervisinga.

Fagdidaktikk psykologi har som mål å utvikle kompetanse i og refleksjon rundt psykologi som undervisningsfag. Studentane får kunnskap i å tenke kritisk gjennom faget si forankring i læreplanen, fagets danningspotensiale, ulike læremiddel og korleis ein kan legge til rette for læringa til elevane i psykologifaget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har gode kunnskapar om læreplanverket i skolen og evner til å analysere og vurdere den generelle og dei fagspesifikke delane i samanheng
  • Har god kunnskap om psykologifagets danningspotensiale
  • Har god kunnskap om psykologididaktiske omgrep og modellar

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan anvende sin faglege kunnskap til å omsette læreplanverkets målsettingar for den generelle og dei fagspesifikke delane til praksis slik at måla kan bli innfridd
  • Kan velje og vurdere lærestoff, læremiddel, arbeidsmåtar og oppgåveformar i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnadar
  • Kan anvende fagleg og fagdidaktisk kunnskap på praktiske problemstillingar og treffe grunngjevne val

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan opptre profesjonelt og reflektere over og analysere faglege og profesjonsetiske problemstillingar innan psykologifaget
  • Kan bygge relasjonar til elevar og medstudentar, og utvikle psykologifaget i samarbeid med andre
  • Kan drøfte korleis psykologisk kunnskap kan hjelpe til økt forståing av samfunnsmessige og mellommenneskelege samanhengar 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av forelesningar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving og studentframlegg.  

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på undervisning (minimum 80% oppmøte).

Skrive to korte refleksjonsnotat om erfaring frå eigen praksis med psykologiundervisning. Studenten legg fram refleksjonsnotatet i undervisninga, og dette dannar utgangspunkt for diskusjon.

Forberede to undervisningsopplegg som vil bli lagt fram i undervisninga.

Gi munnleg tilbakemelding på undervisningsopplegget til to medstudentar.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei eksamensmappe satt saman av to tekstar. Mappa skal ha eit omfang på 2400-3300 ord, referanseliste og vedlegg ikkje medrekna. 

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

A til F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programansvarleg på Praktisk-pedagogisk utdanning

Emneansvarleg

Emneansvar ligg ved Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Institutt for pedagogikk

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering

    Innleveringsfrist
    17.12.2020, 13:00
    Trekkfrist
    03.12.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen