Fagdidaktikk i psykologi, fordjupningsemne - første semester
Årsstudium
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIDAPSYK1B
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Første semester av fagdidaktikk i psykologi, fordjupingsemne (15 studiepoeng DIDAPSYK1B) er ein omfattande introduksjon til undervisning av programfaget psykologi i vidaregåande skole (VGS) som gir en fordjuping i dette emnet.
Programfaget i psykologi for VGS gir elevane ei innføring i sentrale psykologiske emne. Det gir ei orientering om viktige psykologiske forskings- og bruksområde, og trekk ved den moderne psykologiens historie. Faget gir grunnleggjande kunnskap om kva som hemmar og fremmer psykisk helse. Det er eit allmenndannande fag som gir grunnlag for å bruke kunnskap om psykologi til å utvikle seg sjølv.
Fagdidaktikk psykologi tar for seg kva psykologifaget i VGS består av, korleis læraren kan lage gode undervisningsopplegg i dette faget, og grunngjeving for val av undervisningsaktivitetar i psykologifaget. Studiet tar for seg psykologifaget som danningsarena, ulike læreprosessar og tilrettelegging av psykologiundervisinga.
Fagdidaktikk i psykologi har som mål å utvikle kompetanse i og refleksjon rundt psykologi som undervisningsfag. Studentane får kunnskap i å tenke kritisk gjennom faget si forankring i læreplanen, fagets danningspotensiale, ulike læremiddel og korleis ein kan legge til rette for læringa til elevane i psykologifaget.
Dette fordjupingsemnet gir ei grundig og omfattande innføring i undervisning av psykologifaget.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- Har gode kunnskapar om læreplanverket i skolen og evner til å analysere og vurdere den generelle og dei fagspesifikke delane i samanheng
- Har god kunnskap om psykologifagets danningspotensiale
- Har god kunnskap om psykologididaktiske omgrep og modellar
- Har omfattande psykologididaktisk kunnskap
Ferdigheiter
Studenten
- Kan anvende sin faglege kunnskap til å omsette læreplanverkets målsettingar for den generelle og dei fagspesifikke delane til praksis slik at måla kan bli innfridd
- Kan velje og vurdere lærestoff, læremiddel, arbeidsmåtar og oppgåveformar i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnadar
- Kan anvende fagleg og fagdidaktisk kunnskap på praktiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
- Har omfattande psykologididaktiske ferdigheiter
Generell kompetanse
Studenten
- Kan opptre profesjonelt og reflektere over og analysere faglege og profesjonsetiske problemstillingar innan psykologifaget
- Kan bygge relasjonar til elevar og medstudentar, og utvikle psykologifaget i samarbeid med andre
- Kan drøfte korleis psykologisk kunnskap kan hjelpe til økt forståing av samfunnsmessige og mellommenneskelege samanhengar
- Har omfattande psykologididaktisk kompetanse
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består av forelesningar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving og studentframlegg.
I tillegg består undervisninga av tre seminardagar.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga blir organisert i førelesingar/ seminar. I tillegg har studenten 60 timar praksis fordelt på 7 veker. Studenten har tilbod om 3 timar individuell rettleiing.
Omfang på førelesingar og seminar:
- Antall veker: 7-8
- Antall timar: 40
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Delta på undervisning (minimum 80% oppmøte).
Skrive to korte refleksjonsnotat om erfaring frå eigen praksis med psykologiundervisning. En medstudent gir skriftleg tilbakemelding på refleksjonsnotatet, og denne tilbakemeldinga leggjast også frem munnleg.
Forberede to undervisningsopplegg som studenten legg fram i undervisninga.
Gi munnleg tilbakemelding på undervisningsopplegget til to medstudentar.