Hjem
Studentsider
Årsstudium

Fagdidaktikk i psykologi, fordjupningsemne - første semester

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Første semester av fagdidaktikk i psykologi, fordjupingsemne (15 studiepoeng DIDAPSYK1B) er ein omfattande introduksjon til undervisning av programfaget psykologi i vidaregåande skole (VGS) som gir en  fordjuping i dette emnet.

Programfaget i psykologi for VGS gir elevane ei innføring i sentrale psykologiske emne. Det gir ei orientering om viktige psykologiske forskings- og bruksområde, og trekk ved den moderne psykologiens historie. Faget gir grunnleggjande kunnskap om kva som hemmar og fremmer psykisk helse. Det er eit allmenndannande fag som gir grunnlag for å bruke kunnskap om psykologi til å utvikle seg sjølv.

Fagdidaktikk psykologi tar for seg kva psykologifaget i VGS består av, korleis læraren kan lage gode undervisningsopplegg i dette faget, og grunngjeving for val av undervisningsaktivitetar i psykologifaget. Studiet tar for seg psykologifaget som danningsarena, ulike læreprosessar og tilrettelegging av psykologiundervisinga.

Fagdidaktikk i psykologi har som mål å utvikle kompetanse i og refleksjon rundt psykologi som undervisningsfag. Studentane får kunnskap i å tenke kritisk gjennom faget si forankring i læreplanen, fagets danningspotensiale, ulike læremiddel og korleis ein kan legge til rette for læringa til elevane i psykologifaget.

Dette fordjupingsemnet gir ei grundig og omfattande innføring i undervisning av psykologifaget.  

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har gode kunnskapar om læreplanverket i skolen og evner til å analysere og vurdere den generelle og dei fagspesifikke delane i samanheng
  • Har god kunnskap om psykologifagets danningspotensiale
  • Har god kunnskap om psykologididaktiske omgrep og modellar
  • Har omfattande psykologididaktisk kunnskap

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan anvende sin faglege kunnskap til å omsette læreplanverkets målsettingar for den generelle og dei fagspesifikke delane til praksis slik at måla kan bli innfridd
  • Kan velje og vurdere lærestoff, læremiddel, arbeidsmåtar og oppgåveformar i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnadar
  • Kan anvende fagleg og fagdidaktisk kunnskap på praktiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
  • Har omfattande psykologididaktiske ferdigheiter

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan opptre profesjonelt og reflektere over og analysere faglege og profesjonsetiske problemstillingar innan psykologifaget
  • Kan bygge relasjonar til elevar og medstudentar, og utvikle psykologifaget i samarbeid med andre
  • Kan drøfte korleis psykologisk kunnskap kan hjelpe til økt forståing av samfunnsmessige og mellommenneskelege samanhengar
  • Har omfattande psykologididaktisk kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av forelesningar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving og studentframlegg.

I tillegg består undervisninga av tre seminardagar.   

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir organisert i førelesingar/ seminar. I tillegg har studenten 60 timar praksis fordelt på 7 veker. Studenten har tilbod om 3 timar individuell rettleiing.

Omfang på førelesingar og seminar:

  • Antall veker: 7-8
  • Antall timar: 40

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på undervisning (minimum 80% oppmøte).

Skrive to korte refleksjonsnotat om erfaring frå eigen praksis med psykologiundervisning. En medstudent gir skriftleg tilbakemelding på refleksjonsnotatet, og denne tilbakemeldinga leggjast også frem munnleg.   

Forberede to undervisningsopplegg som studenten legg fram i undervisninga.

Gi munnleg tilbakemelding på undervisningsopplegget til to medstudentar.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei eksamensmappe satt saman av tre tekstar. Mappa skal ha eit omfang på 4500-5500 ord, referanseliste og vedlegg ikkje medrekna. 

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programansvarlig for praktisk-pedagogisk utdanning ved Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Emneansvar ligg ved Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Institutt for pedagogikk

Institutt

 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering

    Innleveringsfrist
    20.12.2021, 13:00
    Trekkfrist
    06.12.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen