Hjem
Studentsider
Årsstudium

Fagdidaktikk i psykologi, fordjupningsemne - andre semester

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 

Studienivå (studiesyklus)

PPU

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Andre semester av fagdidaktikk i psykologi (DIDAPSYK2B, 15 studiepoeng) bygger på første semester (DIDAPSYK1B, 15 studiepoeng). DIDAPSYK2B gir ei djupere forståing av psykologifaget i skolen og undervisning i dette faget

Dette emnet vektlegg tre hovudtema: 1. Vurdering av elevanes kompetanse i psykologi, inkludert formativ og summativ vurdering, 2. læringsmiljø, inkludert klasseleiing, motivasjon og kommunikasjon med elevane, og 3. tilrettelegging av psykologiundervisninga som tar omsyn til samanhengen mellom fagkunnskap, undervisning og vurdering av elevane.

DIDAPSYK2B skal forberede studentane til å gjennomføre psykologiundervisning i samsvar med kompetansemåla i den generelle delen av læreplanen og i programfaga Psykologi 1 og Psykologi 2. Studentane skal også dokumentere og kunne justere eigen undervisning og vurdering av elevane si læring i psykologifaget.

DIDAPSYK2B skal også gjere studentane i stand til å forske på eigen undervisning og undervisningspraksis i den hensikt å forbetre denne praksisen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • Har brei kunnskap om faglege og fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som undervisningsfag 
  • Har kunnskap om vurderingsformer som fremmer elevanes læring (formativ vurdering) og måler kompetansen deira (summativ vurdering)
  • Har kunnskap om korleis det er mogleg å fremme eit godt læringsmiljø i klassen
  • Har kunnskap om samanhengen mellom fag, undervisning og vurdering av elevane
  • Har kunnskap om korleis det er mogleg å forska på eigen undervisningspraksis 

Ferdigheiter:

Studenten

  • Kan reflektere over den faglege og fagdidaktiske utøvinga av eigen lærarpraksis og justere denne 
  • Kan gjennomføre vurderingsformer som fremmer elevanes læring (formativ vurdering) og måler kompetansen deira (summativ vurdering)
  • Kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i psykologifaget, vurdere og dokumentere elevar si læring, og gje læringsfremmande tilbake- og framovermeldingar 
  • Kan bidra til at elevane reflekterer over eiga læring og eiga fagleg utvikling i psykologi 
  • Kan fremme eit godt læringsmiljø gjennom god klasseromleiing og kommunikasjon med elevane slik at dei blir motivert for innsats og læring
  • Kan iverksette vurderingsformer som er i samsvar med fagleg innhald og elevanes læringsaktiviteter
  • Kan gjennomføre forsking på eigen undervisningspraksis

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan vurdere og drøfte psykologifaget sin stilling i skolen i forhold til andre fag, opplæringslova sine mål og utdanningspolitiske ideologiar 
  • Kan vurdere og forbetre sin egen undervisningspraksis og praksis for vurdering av elevane
  • Kan reflektere over si ega rolle som lærar
  • Kan drøfte forholdet mellom fagkunnskap, undervisning og vurdering av elevane
  • Kan nyttiggjera seg av forskingsbasert kunnskap på eigen praksis

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av forelesningar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving, og studentframlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på undervisning (minimum 80% oppmøte).

Skrive to korte refleksjonsnotat om erfaring frå eigen praksis med psykologiundervisning. Studenten legg fram refleksjonsnotatet i undervisninga, og dette dannar utgangspunkt for diskusjon.

Forberede to undervisningsopplegg som vil bli lagt fram i undervisninga.

Gi munnleg tilbakemelding på undervisningsopplegget til medstudentar.

Gi skriftlig tilbakemelding til medstudentent på utkast til prosjektoppgåve.

Vurderingsformer

Studenten skal ha to ulike vurderingsformer som blir slått saman til ein karakter med ulik brøk:

Munnleg eksamen (40%)

Prosjektoppgåve (60%)

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programansvarleg på Praktisk-pedagogisk utdanning

Emneansvarleg

Emneansvar ligg ved Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Institutt for pedagogikk

Institutt

Institutt for Pedagogikk, Det psykologiske fakultet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektoppgåve og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    12.05.2021
    • Eksamensdel: Prosjektoppgåve

      Innleveringsfrist
      26.05.2021, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Eksamensperiode
      31.05.2021–04.06.2021