Hjem
Studentsider
Årsstudium

Fagdidaktikk i religionsvitskap 2 (for ungdomstrinnet)

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal vidareutvikle studentane si erfaringsbaserte kompetanse i religionsvitskapleg fagdidaktikk. Studentane skal få innsikt i religions- og livssynsfagas plass i skulen og samfunnet. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing. Studentane skal lære å sjølvstendig planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i religion- og livssynsfaget på ungdomstrinnet. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • kan gjere greie for og drøfte sentrale perspektiv i religionsvitskapleg fagdidaktikk
  • har kunnskap om læreplanane i religions- og livssynsfaga, og kunne analysere dei kritisk
  • kan gjere greie for historia til religions- og livssynsfaga i Noreg, og diskutere faga i ein større internasjonal samanheng

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre undervisningsopplegg i religions- og livssynsfaget på ungdomstrinnet
  • kan bruke fagdidaktisk teori til å vurdere og reflektere kritisk rundt eigen og andre si undervisning
  • kan bruke og fagleg grunngje val av læringsaktivitetar og arbeidsmåtar tilpassa elevar på ungdomstrinnet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan konkretisere målsetjingane i religions- og livssynsfaget på ungdomstrinnet med utgangspunkt i fagleg kunnskap
  • kan med stor grad av sjølvstendighet utvikle eigen fagdidaktisk kompetanse og slik kunne bidra til å fornye kompetansen i religions- og livssynsfaga i skulen
  • kan nytte fagkunnskap til å byggje relasjonar til elever og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.

Krav til forkunnskapar

DIDAREL1

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Fullt fagleg overlapp med RELDI 112

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og seminar i teoriperioden på til saman 7 veker. DIDAREL2 vert knytt til praksis på 7 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk frammøte på minst 80 prosent av forelesings- og seminarundervisninga. Frammøte på forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling.
  • Leggje fram eige undervisningsopplegg samt kommentere medstudentar sitt undervisningsopplegg på undervisningsverkstad.

Gjelder vårsemesteret 2021:

- Leggje fram eige undervisningsopplegg samt kommentere medstudentar sitt undervisningsopplegg på undervisningsverkstad.  - På grunn av koronasituasjonen vil det ikkje vere obligatorisk oppmøte våren 2021. Det er likevel sterk oppmoding om å delta på så mykje undervisning som mogleg. Forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsforløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling. 

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen.

Munnleg eksamen har to døgns forberedingstid.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Pensum er på opptil 500 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Fagmiljøet i religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon