Hjem
Utdanning
Årsstudium

Samfunnskunnskapsdidaktikk 1

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Dei grunnleggjande spørsmåla i fagdidaktikken handlar om kva skulefaget samfunnskunnskap har vore og kan vere og korleis læraren kan presentere og planleggje innhaldet i faget slik at elever med ulike føresetnader og behov kan tileigne seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei ramane som skulen er underlagt. Dette føreset at læraren har solide kunnskapar og dugleikar innanfor det fagdidaktiske feltet.

Skulefaget hentar sine perspektiv dels frå dei samfunnsvitskaplege faga, dels frå pedagogikken og dels frå det tankegodset som skulen sine læreplanar er tufta på. For det første handlar det om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunne fungere i samfunnslivet, for andre om ein kritisk tenkjemåte som vektlegg elevane sin evne til å forsvare tanke- og ytringsfridom og perspektivrikdom, sjølvkritikk og toleranse og for det tredje om støtte til ein kommunikativ tenkjemåte som vektlegg elevane sin vilje og evne til å møte samfunnet sine mangfaldige utfordringar og til deltaking i demokratiserande dialogar. Dette er sentrale element i skulen sitt allmenne dannings- og utdanningsprosjekt.

Undervisninga i DIDASAK1 skal bidra til å vidareutvikle studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål. Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar sine kunnskapar om og i fag, samt lærer å planlegge, gjennomføre og vurdere kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har inngående kunnskapar om

  • ulike perspektiv på faget si rolle og oppgåve i utdanning og for unge menneske som samfunnsmedlemmer
  • samfunnskunnskapen sin plass i læreplanverket i vidaregåande skule og på ungdomssteget.
  • prinsipp og viktige omsyn i strukturering og planlegging av undervisning

Ferdigheter

Studenten kan

  • drøfta og vurdera ulike sider ved faget i samarbeid med andre og utvikla eigen fagdidaktisk ståstad og praksis
  • drøfta og vurdera tilhøvet mellom utdanningspolitiske mål og retningsliner og klasseromspraksis
  • diskutera målsettinga for faget ut frå faget sitt demokratiske danningspotensial og faget sin funksjon i samtida
  • planleggja og gjennomføra undervisning basert på fagdidaktisk og disiplinfagleg kompetanse

Generell kompetanse

Studenten kan

  • ta heilskapleg ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
  • nyttiggjera seg fagdidaktisk kunnskap som grunnlag for å velje arbeidsmåtar, lærestoff og oppgåveformer som i størst mogleg grad er tilpassa eleven sine føresetnader.
  • oppdatera seg fagdidaktisk og delta i fagdidaktisk retta utviklingsprosjekt
  • inngå som reflektert medlem i eit lærarkollegium med eigen fagdidaktisk ståstada

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på Praktisk-pedagogisk utdanning.

Arbeids- og undervisningsformer

Fagdidaktikken skal vere relatert til praksis i skulen.

Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte tidsrom utanom praksisperioden. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekster. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er 100% obligatorisk deltaking på ein undervisningsverkstad som vert arrangert om lag midtvegs i praksisperioden. Godkjend deltaking på undervisningsverkstad føreset framlegging av eit undervisningsopplegg til diskusjon og at ein kommenterer ein annan student sitt framlegg.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein munnleg eksamen der pensumlitteraturen skal relaterast til praksis.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det være mulig å ta ny eksamen i påfølgande semester.

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 375 sider

Emneevaluering

Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskapelege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no

55 58 21 54

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Eksamensperiode
    17.12.2019–18.12.2019
    Trekkfrist
    03.12.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen