Samfunnskunnskapsdidaktikk 3
- Studiepoeng7.5
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeDIDASAK3
- Talet på semester1
- Ressursar
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Målet med emnet er at studentane kan kunna gjera utdjupande vurderingar av elevane sine faglege føresetnader for faget, og kva implikasjonar det har for praksis. Det er vidare eit mål å utvikla didaktisk refleksjon om digitale dugleikar i faget, med vekt på elevane sine føresetnader. Emnet skal derfor gi innsikt i dei faglege og kognitive føresetnadene elevar møter samfunnskunnskapsfaget med. Særleg viktig er innsikt i korleis elevar si samfunnsforståing utviklar seg, og drøfting av eigna undervisning i møte med ulike kunnskapsutgangspunkt er eit viktig mål.
Emnet skal gi innsikt i teoriar om tilhøvet mellom individ og samfunn, og gi grunnlag for fagdidaktiske vurderingar av mål og innhald for faget i grunnopplæringa. Emnet skal gi innsikt i digital kompetanse innanfor samfunnskunnskapen og studentane skal kunna drøfta og prøva ut ulike måtar å arbeida med digital kompetanse på.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- gjera greie for korleis faglege føresetnader kan definerast
- gi døme på kva faglege føresetnader elevar møter samfunnskunnskapsfaget med.
- presentera ulike syn på elevar som medborgarar og samfunnsmedlemmer
- gjera greie for ulike digitale dugleikar som er relevante for samfunnskunnskap
Ferdigheter
Studenten kan
- drøfta korleis ein kan vidareutvikla dei faglege utgangspunkta elevane kjem til faget med.
- drøfta mål og innhald i samfunnskunnskap i lys av ulike perspektiv på elevane som samfunnsmedlemmer og medborgarar
- laga gode undervisningsopplegg for å fremja digital kompetanse
Generell kompetanse
Studenten kan
- setja seg inn i vitskapleg litteratur og drøfta praktiske implikasjonar av den
- bruka digital ressursar for læring
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med eitt undervisningsfag.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, seminar og studentframlegg i tilknyting til praksis.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på seminar (minimum 80%)
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 4 dagar, 3000 ord.
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det være mulig å ta ny eksamen i påfølgande semester.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontakt
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen (Ny eksamen)
- Oppgave utleveres
- 08.02.2021, 09:00
- Innleveringsfrist
- 12.02.2021, 14:00
- Trekkfrist
- 25.01.2021