Samfunnskunnskapsdidaktikk 3

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane kan kunna gjera utdjupande vurderingar av elevane sine faglege føresetnader for faget, og kva implikasjonar det har for praksis. Det er vidare eit mål å utvikla didaktisk refleksjon om digitale dugleikar i faget, med vekt på elevane sine føresetnader. Emnet skal derfor gi innsikt i dei faglege og kognitive føresetnadene elevar møter samfunnskunnskapsfaget med. Særleg viktig er innsikt i korleis elevar si samfunnsforståing utviklar seg, og drøfting av eigna undervisning i møte med ulike kunnskapsutgangspunkt er eit viktig mål.

Emnet skal gi innsikt i teoriar om tilhøvet mellom individ og samfunn, og gi grunnlag for fagdidaktiske vurderingar av mål og innhald for faget i grunnopplæringa. Emnet skal gi innsikt i digital kompetanse innanfor samfunnskunnskapen og studentane skal kunna drøfta og prøva ut ulike måtar å arbeida med digital kompetanse på.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjera greie for korleis faglege føresetnader kan definerast
  • gi døme på kva faglege føresetnader elevar møter samfunnskunnskapsfaget med.
  • presentera ulike syn på elevar som medborgarar og samfunnsmedlemmer
  • gjera greie for ulike digitale dugleikar som er relevante for samfunnskunnskap

Ferdigheter

Studenten kan

  • drøfta korleis ein kan vidareutvikla dei faglege utgangspunkta elevane kjem til faget med.
  • drøfta mål og innhald i samfunnskunnskap i lys av ulike perspektiv på elevane som samfunnsmedlemmer og medborgarar
  • laga gode undervisningsopplegg for å fremja digital kompetanse

Generell kompetanse

Studenten kan

  • setja seg inn i vitskapleg litteratur og drøfta praktiske implikasjonar av den
  • bruka digital ressursar for læring

Studiepoeng, omfang

7,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med eitt undervisningsfag.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, seminar og studentframlegg i tilknyting til praksis.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på seminar (minimum 80%)

Obligatorisk presentasjon av ein pensumtekst.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar, 3000 ord (+/- 10%, unnteke fremside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar, og vedlegg)

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.