Hjem
Studentsider
Årsstudium

Samfunnskunnskapsdidaktikk 4

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

7,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

-

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet for emnet er at studentane skal kunne drøfta og vurdera grunnlaget, siktemålet og innhaldet i samfunnskunnskap med særleg vekt på politisk danning og globalisering. Emnet vil derfor introdusera og drøfta implikasjonane av ulike syn på kva samfunnskunnskap som fag er mellom vitskap, pedagogikk, elevar og politiske ambisjonar. Emnet vil gi utdjupande innsikt i samfunnskunnskap som demokratisk danningsfag og kva det har å seia for klasseromspraksis. Emnet skal gjera greie for ulike syn på korleis globale utfordringar, særleg miljøproblema, stiller krav til samfunnskunnskap og korleis det kan møtast. Emnet er eit fordjupingsemne som berre vert tilbydd studentar som er tatt opp på PPU med eitt undervisningsfag.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan

  • gjera greie for utdjupande teoriar om kva karakter samfunnskunnskap som skulefag har og kva basis det skal byggja på
  • skilja mellom ulike perspektiv på samfunnskunnskap som politisk danningsfag
  • presentera ulike tilnærmingar til globalt retta samfunnskunnskap

Ferdigheiter

Studenten kan

  • drøfta praksiskonsekvensar av ulike perspektiv på grunnlaget for skulefaget samfunnskunnskap
  • samanlikna ulike teoriar om skulefaget som politisk danningsfag
  • analysera korleis globale problem kan integrerast i samfunnskunnskapsfaget

Generell kompetanse

Studenten kan

  • drøfta og samanlikna ulike teoretisk perspektiv
  • arbeida sjølvstendig for å setja seg inn i og presentera fagleg litteratur

Krav til forkunnskapar

Samfunnskunnskapsdidaktikk 4 (DIDASAK4) bygger på samfunnskunnskapsdidaktikk 3 (DIDASAK3).

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med eitt undervisningsfag.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar og studentframlegg i tilknyting til praksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av tekst for medstudentar.

Deltaking på minst 80% av undervisninga.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet. 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektoppgåve

    Innleveringsfrist
    24.05.2023, 14:00
    Trekkfrist
    10.05.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen