Spanskdidaktikk 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Fagdidaktikk i spansk inngår som ein del av universitetet si spansklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i spansk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis spanskfagleg kunnskap kan verta utvikla og relatert til det å vere spansklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere ein del av arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.

Studiet er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskaps-teoretisk samanheng og danningsmålsetjingar som er felles for språkfaga i skolen.

Studiet har fire målområde:

  • Faget si legitimering i skolen i dag
  • Teoriar om språklæring
  • Planlegging av undervisning og tilrettelegging for spansklæring
  • Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje alle elevane si læring i spansk.

Kunnskapar

Kandidaten ...

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i spansk som dannings- og dugleiksfag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
  • har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i spansk

Ferdigheiter

Kandidaten ...

  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over spanskundervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i spanskfaget i relasjon til læreplanen for faget, og kan grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori.
  • kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling og kan påvise elevane sitt læringsutbytte,
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike sider av spanskfaget
  • kan vurdere elevane sitt læringsutbyte og leggje til rette for elevar si vurdering av eiga læring
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten ...

  • kan reflektere over eigen og andre sin skolepraksis i lys av kunnskap innanfor dei spanskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk)
  • har utvikla innsikt i spanskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv.
  • kan reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i spansk, medrekna den digitale kompetansen.
  • kan undersøkje og drøfte spansklæring i lys av kunnskap innanfor dei spanskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for DIDASPA1 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med SPANSK621 eller SPANSK622.
Krav til studierett
Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

- Om lag 24 timar undervisning inkl. om lag fire timar fellesundervisning i språkdidaktikk

- Rettleiing og skolebesøk

Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt.

Om det meldar seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar gjennomføre følgjande aktivitetar:

  • ha lagt fram undervisningsopplegg på undervisningsverkstad.
  • Muntlig eller skriftleg arbeid som drøftar ei spanskdidaktisk problemstilling

Undervisninga er obligatorisk (80%) og føreset aktiv deltaking og førebuing.

Nærare informasjon vert gitt ved semesterstart.

Vurderingsformer

Eksamensforma er rettleidd mappevurdering.

Vurderingsmappa skal innehalde ein refleksjonstekst med eit omfang på om lag 3000 ord. Refleksjonsteksten skal skrivast på grunnlag av minst tre dokument: rapport til undervisningskontekst, forslag til eit undervisningsopplegg og revidert/endeleg undervisningsopplegg. Desse tre dokumenta skal leggjast ved refleksjonsteksten i vurderingsmappa. Litteraturliste og vedlegg er ikkje medrekna i omfanget på om lag 3000 ord.

Refleksjonsteksten skal skrivast på spansk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06.

Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Det psykologiske fakultet (Praktisk-pedagogisk utdanning)
Emneansvarleg
Fagmiljøet i spansk
Administrativt ansvarleg
Fagmiljøet i spansk