Spanskdidaktikk 2

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Fagdidaktikk i spansk inngår som ein del av universitetet si spansklærarutdanning. Spanskdidaktikk 2 (Didaspa2) er ei vidareføring av Spanskdidaktikk 1 (Didaspa1).

Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i spansk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis spanskfagleg kunnskap kan verta utvikla og relatert til det å vere spansklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere ein del av arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.

Når det er mogleg, er studiet organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskapsteoretisk samanheng og danningsmålsetjingar som er felles for språkfaga i skolen.

Studiet har fire målområder:

  • Faget sin eigenart og utvikling
  • Teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring
  • Tilrettelegging for spansklæring, vurdering og utvikling av elevane si innsikt i eiga læring
  • Læraren som forskar i eiga undervisning

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i spanskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon, kultur, språklæring og forsking, og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje alle elevane si læring i spansk og generelt til å videreutvikle egen kompetanse i spanskdidaktikk.

Kunnskapar

Kandidaten

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i spansk som dannings- og dugleiksfag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
  • har kjennskap til forskingsmetodar innanfor språkdidaktikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere spanskundervisning med omsyn til nasjonale læreplanar og elevane sine ulike læringsmåtar.
  • har utvikla evne til å planleggje og gjennomføre tilrettelegging av læringssituasjonar som er føremålstenlege for den einskilde elev si språklæring og dei måla som er nedfelte i læreplanane.
  • har utvikla evne til å støtte elevane i deira arbeid med å lære spansk og lære å lære.
  • kan påvise kjenneteikn på kompetanse i ulike deler av spanskfaget og kan kunne vurdere elevane si læring i spansk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse
  • kan gjennomføre forskingsbaserte undersøkingar i språkdidaktikk
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv.
  • kan undersøkje og drøfte spansklæring i lys av kunnskap innanfor dei spanskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
  • har vidareutvikla strategiar til å fornye og utvikle fagdidaktisk kompetanse i spansk, til dømes ved å reflektere over og vurdere eiga og andre si undervisning.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Sjå krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Om lag 24 timar undervisning fordelt mellom førelesingar og seminar
  • Rettleiing og skolebesøk
  • Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt.

    Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar gjennomføre følgjande aktivitetar:

    • ha delteke i eit etterarbeid knytt til avtalt tema (til dømes undervisningsopplegg, forskingsprosjekt, e.l.).
    • skriftleg arbeid som drøftar ei spanskdidaktisk problemstilling

    Nærare informasjon vert gitt ved semesterstart.

    Det er obligatorisk frammøte på minst 75% av undervisningane , og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

    Vurderingsformer

    Eksamensforma er ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. På den munnlege eksamenen skal studenten kort presentere prosjektoppgåva si og deretter reflektere kring spørsmål knytt til pensum i spansk fagdidaktikk. Studenten får 10 minutt av totalt 30 til presentasjonen sin. Munnleg eksamen vert halden på spansk. Munnleg eksamen kan bli digital for studentar som vel denne vurderingsordninga.

    Kandidaten må levere ei sterkt omarbeidd oppgåve dersom ein skal levere på nytt i same emne.

    Karakterskala
    Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
    Vurderingssemester
    Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
    Litteraturliste
    Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga. Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    -
    Programansvarleg
    Det psykologiske fakultet
    Emneansvarleg
    Fagmiljøet i spansk
    Administrativt ansvarleg
    Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.