Hjem
Studentsider
Årsstudium

Tyskdidaktikk 2

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og online.

Mål og innhald

Fagdidaktikk i tysk inngår som ein del av tysklærerutdanninga ved universitetet. Tyskdidaktikk 2 (DIDATYS2) er ei vidareføring av Tyskdidaktikk 1 (DIDATYS1).

Sentralt i Tyskdidaktikk 2 er spørsmål knytte til korleis ein som tysklærar kan leggje til rette for tysklæringa til alle elevar og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Studiet er organisert slik at ein har noka undervisning på tvers av språkfaga for å streke under ein sams kunnskapsteoretisk samanheng for alle språk- og kulturfaga og med tanke på sams dannings-målsetjingar for språkfaga i skolen.

Studiet inneheld fire målområde:

  • Faget sin eigenart og utvikling
  • Teoriar om kommunikasjon, fleirspråklegheit, kultur og språklæring
  • Tilrettelegging for tysklæring, vurdering og utvikling av elevar si innsikt i eiga læring
  • Den utforskande læraren

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i tyskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving. Dei skal setje seg inn i teoriar om kommunikasjon, fleirspråklegheit, kultur og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i tysk og generelt til å vidareutvikle eigen tyskspråklege og fagdidaktiske kompetanse.

Kunnskapar

Kandidaten

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i tysk som kultur-, dannings- og ferdigheitsfag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
  • har kjennskap til forskingsmetodar innanfor språkdidaktikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere tyskundervisning med omsyn til nasjonale læreplanar og elevane sine ulike læringsmåtar
  • har utvikla evne til å planleggje og gjennomføre tilrettelegging av læringssituasjonar som er formålstenlege for den einskilde elev si språklæring og dei måla som er nedfelte i læreplanane
  • har utvikla evne til å støtte elevane i arbeidet med å lære tysk og lære å lære
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike aspekt av tyskfaget og kan kunne vurdere elevane si læring i tysk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse
  • kan gjennomføre forskingsbaserte undersøkingar i tyskdidaktikk
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan gjere greie for tyskfaget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv
  • kan undersøkje og drøfte tysklæring i lys av kunnskap innanfor dei tyskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
  • har vidareutvikla strategiar til å fornye og utvikle fagdidaktisk kompetanse i tysk, til dømes ved å reflektere over og vurdere eiga og andre si undervisning

Krav til forkunnskapar

DIDATYS1

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

- om lag 24 timar undervising fordelt mellom førelesingar og seminar. 

- rettleiing og skolebesøk

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å vera til stades på minst 80 % av undervisninga. Undervisninga føreset aktiv deltaking frå studentane og god førebuing. 

Det er tre obligatoriske innleveringsoppgåver (ein munnleg, to skriftlege) på emnet. Oppgåvene er knytte til utforsking av ulike tyskdidaktiske problemstillingar i teori og praksis. Nærare retningslinjer blir gitt i studiet. Oppgåvene må vere godkjende innan to veker før endeleg vurdering. 

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurderinga er ei mappeinnlevering og ein munnleg eksamen på 20 minutt. Dei tre obligatoriske innleveringane gjennom kurset utgjer mappa. Mappa skal ha eit omfang på om lag 3000 ord, vedlegg ikkje medrekna.  På den munnlege eksamenen skal studenten kort presentere innhaldet i mappa og deretter reflektere kring spørsmål knytte til pensum i tyskdidaktikk. Eksamensspråka er tysk og norsk.  Studenten kan velje eksamensspråk på munnleg eksamen, men minst eitt av arbeida i mappa skal vere på tysk. Mappe og munnleg eksamen utgjer 50% kvar av sluttvurderinga. 

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla til faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga. I samråd med faglærar kan studentane velje eit visst tal sider knytt til oppgåva.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Fagmiljøet i tysk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering og munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Mappevurdering

      Innleveringsfrist
      31.05.2021, 13:00
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Dato
      03.06.2021, 09:30
      Varigheit
      6 timer