Hjem
Studentsider
Masteremne

Digitalisering i helse: Individ, organisasjon og samfunn

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert, men med en undervisningssamling (en dag) fysisk på campus

Mål og innhald

Den gjennomgripande digitaliseringa som foregår i helsesektoren har store konsekvensar for helsetenestene. Dette stiller nye kompetansekrav til leiarar og tilsette med et breitt spekter av fagområde og yrkesfunksjonar i primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta og private helsetenestetilbydarar. Emnet har som mål å gje studentane inngåande kunnskapar om konteksten og rammene for digitalisering i helsesektoren på eit nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Emnet skal gje studentane eit nødvendig grunnlag for å bidra i digitaliseringsprosjekt i helsesektoren. Studentane utviklar også ferdigheiter og kompetanse som er nødvendige for at helsepersonell kan drive innovasjons- og forbetringsarbeid og brukarsentrert digitalisering.

Sentrale tema som studentane jobbar med er føringar og strategiar for digitalisering av helsesektoren, verksemdsarkitekturen si betydning for informasjonsflyt, avgjerder og organisering, personvern og IKT- sikkerheit-

Studentane vil også jobbe med systematisk brukerinvolvering i fasene fra utvikling, evaluering og bruk av digitale helsetenester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten kan

  • forklare kva digitalisering er og relatere sentrale omgrep til eigen arbeidsplass
  • vurdere og analysere sentrale føringar og rammevilkår for digitalisering i helsesektoren på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå
  • anvende kunnskap om digitalisering i helsetenesta på eigen arbeidsplass, og reflektere over praksis og behov på eigen arbeidsplass
  • anvende sentral teori og kunnskap om samahengen mellom verksemda sine mål, organisering og IT-system (verksemdsarkitektur)

Ferdigheiter

Studenten kan

  • anvende ulike metodar for systematisk brukarinvolvering i utvikling av digitale helsetenester
  • Bruke kunnskap for å forstå arbeidsprosessane med tilhøyrande informasjonsutveksling i helsetenestene (verksemdsarkitektur)
  • analysere behovet for vidare utvikling av digitale helsetenester på eigen arbeidsplass
  • Bidra til analyse av risiko og handtering av denne i tråd med sentrale prinsipp, lover og reglar
  • vurdere og analysere problemstillingar knytt til personvern i digitaliseringsprosjekt, og konsekvensar ved brot på regelverket

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Kommunisere og samarbeide i tverrfaglege digitaliseringsprosjekt på arbeidsplassen sin
  • Kartlegge og integrere ulike kunnskapskjelder i innovasjons- og forbetringsarbeid i digitaliseringsprosessar

Krav til forkunnskapar

Du må ha relevant høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande, samt kunne dokumentere minimum 2 års yrkespraksis fra helsesektoren i Norge.  

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Målgruppa for utdanningstilbodet er helsepersonell, leiarar, superbrukara, systemansvarlege, sikkerheitsansvarlege, prosjektmedarbeidarar og gründerar i både offentleg og privat sektor. Tilbodet skal være relevant for leiarar og medarbeidarar med eit bredt spekter av fagområdet og yrkesfunksjoner i primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta og private helsetenestetilbydarar, som er alle involvert i og berørt av den gjennomgripande digitaliseringa som skjer i helsesektoren.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisingen kombinerer forelesingar og oppgåveløysing i mindre grupper, og studentane sine erfaringar brukast aktivt som ein ressurs i undervisinga. Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, med vekt på at studentane sjølv identifiserer praksisnære problem dei ønskjer å finne løysingar på, eller konkrete utfordringar i eigen organisasjon som dei ønskjer å undersøke nærmare.

Studentane jobbar på eigenhand og i mindre grupper med nettbaserte læringsaktivitetar, som inkluderer arbeid knytt til å sjå undervisingsvideoar, lese litteratur, svare på quizar, løyse oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentene skal levere oppgåver, delta aktivt i diskusjoner, gi hverandrevurdering og bestå minimum to quizer. 

Obligatorisk oppmøte og deltakelse på fysisk samling på campus. 

Obligatoriske krav blir vurdert til "godkjent / ikkje godkjent".

Vurderingsformer

Heimeeksamen over to veker

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 

Emneevaluering

Emnet vil etter UiB sitt studiekvalitetssystem bli vurdert årleg, med ein noko større evaluering kvart tredje år. 

Programansvarleg

Programutval for leiing, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse har ansvar for fagleg innhald, oppbygging og kvaliteten av studiet.  

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    17.10.2022, 14:00
    Innleveringsfrist
    24.10.2022, 09:00
    Trekkfrist
    01.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen