Digitalisering i Helse: Digitale helsetenester

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Helsetenestene er i kontinuerleg utvikling og dei blir i større grad digitalisert.

Målet er å gi betre, sikrare, meir likeverdig og effektiv behandling til innbyggarane. Digitale helsetenester er skildra med mange ulike omgrep som overlappar i nokon grad (digital heimeoppfølging, e-helse, telemedisin m fl) og det finst også mange ulike definisjonar som det er viktig å kjenne til. I dette emnet definerer vi digitale helsetenester som «digitale tenester til helsepersonell, til innbyggarar, og for samhandling innad i helsetenesten» (ref Nasjonalt senter for e-helseforskning). Fokus i dette emnet er i hovudsak på digitale innbyggartenester, altså helsetenester som er direkte retta mot innbyggarane. Digitaliseringa gjer noko med helsetenestene både for dei som jobbar med dei og dei som mottar dei. Arbeidsmåten blir endra, og det set nye krav til mellom anna helsepersonell. I løpet av emnet vil studentane få både ei brei oversikt over temaet digitale helsetenester, men også moglegheit for å sjølvstendig reflektere rundt korleis digitalisering og helsetenestene påverkar kvarandre, samt kva det blir viktig å ta omsyn til når ein skal vurdere innføring av digitale helsetenester på eigen arbeidsstad. Emnet har som mål å gi studentane inngåande kunnskapar om digitale helsetenester, sentrale føringar og korleis digitale helsetenester blir brukt i helsesektorene i dag. Studentane utviklar også ferdigheiter og kompetanse som er naudsynt for å kunne bidra i beslutningsprosessar rundt ei innføring av digitale helsetenester på eigen arbeidsstad.

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å bidra i utvikling og evaluering og innføring av digitale helsetenester.

Sentrale tema i emnet er:

  • Definisjonar, historisk utvikling, aktuelle nasjonale føringar
  • Forarbeid, behovskartlegging, brukarinvolvering, forhold til verksemdsarkitektur
  • Ulike typar digitale helsetenester
  • Digitalt utanforskap
  • Etikk og pasientsikkerheit

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten kan/har:

  • kunnskap om kva digitale helsetenester er, den historiske utviklinga i Noreg og oversikt over korleis det det blir brukt i helsesektoren i dag.
  • gjere greie for metodikk for å inkludere systematisk brukarinvolvering i utviklinga og ved evalueringa av digitale helsetenester.
  • reflektere over korleis bruken av digitale verktøy påverkar helsetenestene, og omvendt
  • identifisere og analysere fremmarar og hemmarar i innføringa og bruken av digitale helsetenester

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bidra i planlegging, gjennomføring, utvikling og evaluering av nye digitale helsetenester
  • sjølvstendig kunne finne informasjon om emnet, samt kunne kritisk vurdere ulike informasjonskjelder
  • bruke kunnskapen dei har fått til å kunne vurdere bruken av digitale helsetenester på eigen arbeidsplass

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • på eit overordna nivå kunne gjere ei vurdering av etikk og pasientsikkerheit i ulike løysingar
  • bruke kunnskapen dei har fått til å vere med i utviklinga av berekraftige helsetenester i framtida
  • reflektere over moglegheiter og konsekvensar av digitalisering i helsetenesta

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert
Krav til forkunnskapar
Gjennomført og bestått emne DIGHEL630
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Målgruppa for utdanningstilbodet er helsepersonell, leiarar, superbrukara, systemansvarlege,sikkerheitsansvarlege, prosjektmedarbeidarar og gründerar i både offentleg og privat sektor. Tilbodet skalvære relevant for leiarar og medarbeidarar med eit bredt spekter av fagområdet og yrkesfunksjoner i primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta og private helsetenestetilbydarar, som er alle involvert i og berørt av den gjennomgripande digitaliseringa som skjer i helsesektoren.

Studentar må ha gjennomført og bestått emne DIGHEL630

Arbeids- og undervisningsformer
Undervisingen kombinerer forelesingar og oppgåveløysing i mindre grupper, og studentane sine erfaringar brukast aktivt som ein ressurs i undervisinga. Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, med vekt på at studentane sjølv identifiserer praksisnære problem dei ønskjer å finne løysingar på, eller konkrete utfordringar i eigen organisasjon som dei ønskjer å undersøke nærmare. Studentane jobbar på eigenhand og i mindre grupper med nettbaserte læringsaktivitetar, som inkluderer arbeid knytt til å sjå undervisingsvideoar, lese litteratur, svare på quizar, løyse oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere oppgåver både individuelt og i gruppe, delta aktivt i diskusjonar, gi kvarandre vurdering og bestå minimum to quizar.

Obligatoriske krav blir vurdert til "godkjent / ikkje godkjent"

Vurderingsformer
Case-basert heimeeksamen over to veker.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Programansvarleg
Programutval for leiing, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse har ansvar for fagleg innhald,oppbygging og kvaliteten av studiet.
Emneansvarleg
Tine Nordgreen
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.