Hjem
Studentsider
Masteremne

Digitalisering i Helse: Leiing

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert, men med en undervisningssamling (en dag) fysisk på campus

Mål og innhald

Mål

Målet med denne modulen er å gjere studentane i stand til å ta en leiarrolle i å drive frem endring av store regionale eller nasjonale digitaliseringsprosesser samtidig som de varetar medarbeidarar og lokale digitaliseringsprosessar. Videre vil emnet gi studentane innføring og erfaring med forbetringsarbeid i tråd med forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse og omsorgssektoren. Studentane vil få kompetanse i å planlegge, gjennomføre og evaluere endringar knytt til digitalisering og digital transformasjon.

Innhald

Modulen vil belyse utvikling av leiingsfaget generelt, med særleg vekt på en relasjonsorientert tilnærming til leiing og tar utgangspunkt i leiing av endringar sett frå ulike nivå i en organisasjon.

Arbeidet belyser forutsetningar for å endre. Vi vil kome inn på tema som Behovsforståelse, Strategisk planlegging, endringsmodnad, kapasitetsbygging, gjennomføringskraft, motstand og kontinuerlig forbetring i organisasjonen. Videre fokus er leiars rolle i å initiere og gjennomføre endringsprosessar. Studentane får anledning til å bruke egen erfaring gjennom prosessen frå ide til slutning.

Problemstillingar kurset vil prøve å svare på:

  • Kva leiingsform vil krevjast for å lykkes i den digitale transformasjonen helsevesenet står overfor på tvers av tenestenivå og organisasjonar.
  • Kva forståing og kva for nokre forutsetningar må være på plass i ulike nivå i organisasjonar for å få til digitalisering og digital transformasjon
  • Korleis gå frem for å teste ut nye løysingar og nye måtar å jobbe på
  • Korleis involvere og ansvarleggjere i det systematiske forbetringsarbeidet

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten kan

  • Samanlikne og vurdere vitskapelege teoriar og metodar i leiingsfaget
  • Leiarskap i møte med økt kompleksitet, tvitydigheit og omstillingskrav
  • Analysere moglegheiter og avgrensingar i ulike leiingstilnærmingar og leiingsverktøy for å erkjenne behov, involvere, støtte og utfordre medarbeidarar og kollegaer, og lede utviklings- og endringsprosessar i organisasjonar

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Bruke relevante metodar for leiing av digitaliseringsprosjekter på en sjølvstendig måte
  • Bruke relevant leiingsteori og metodikkar til praktisk analyse

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Analysere korleis endringar knytt til digitalisering og digital transformasjon påverkar organisasjonar
  • Anvende relevant terminologi for leiing av endring knytt til digitalisering

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått emne DIGHEL630 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Målgruppa for utdanningstilbodet er helsepersonell, leiarar, superbrukara, systemansvarlege, sikkerheitsansvarlege, prosjektmedarbeidarar og gründerar i både offentleg og privat sektor. Tilbodet skal være relevant for leiarar og medarbeidarar med eit bredt spekter av fagområdet og yrkesfunksjoner i primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta og private helsetenestetilbydarar, som er alle involvert i og berørt av den gjennomgripande digitaliseringa som skjer i helsesektoren.

Gjennomført og bestått emne DIGHEL630 

Arbeids- og undervisningsformer

Læring vil foregå via ein kombinasjon av undervisning, case diskusjonar og bruk av oppgåver der studentane bruker sin profesjonelle bakgrunn i arbeidet med ulike tema. 

Undervisingen kombinerer forelesingar og oppgåveløysing i mindre grupper, og studentane sine erfaringar brukast aktivt som ein ressurs i undervisinga. Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som legg tilrette for studentaktivitet, med vekt på at studentane sjølv identifiserer praksisnære problem dei ønskjer å finne løysingar på, eller konkrete utfordringar i eigen organisasjon som dei ønskjer å undersøke nærmare. Studentane jobbar på eigenhand og i mindre grupper med nettbaserte læringsaktivitetar, som inkluderer arbeid knytt til å sjå undervisingsvideoar, lese litteratur, løyse oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere et case, delta aktivt i diskusjonar og gi kvarandrevurdering. Obligatorisk oppmøte og deltaking på fysisk samling på campus.

Obligatoriske krav blir vurdert til "godkjent / ikkje godkjent".

Vurderingsformer

Heimeeksamen 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programutval for leiing, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse har ansvar for fagleg innhald,oppbygging og kvaliteten av studiet.

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon