Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

IKT-sikkerheit

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Digitalt

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gje ei oversikt over omgrepa data- og datamaskintryggleik, med vekt på fundamentale tryggleikseigenskapar, sårbarheiter, truslar og mekanismar for å trygge datasystem.

Innhald:

Dei grunnleggjande:

  • tryggleikseigenskapar, verktøy og terminologi
  • brukarautentisering, metodar og prinsipp
  • Adgangskontroll, prinsipp og rolla til tilgangskontroll

Datatrykkleik: Spesielt skadeleg programvare: typar, spreiing, saman med teknisk, organisatorisk og åtferdsmessige mottiltak.

Nettvekstryggleik: spesielt internett, nettverksbaserte angrep, og ei oversikt over mottiltak til nettverksbaserte angrep.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • Beskrive grunnleggande tryggleiksprinsipp- og praksis
  • Beskrive truslar mot digitale system og deira potensielle skade

Ferdigheiter

Studenten er i stand til

  • Å identifisera moglege truslar mot eit digital system
  • Identifisera mottiltak mot desse truslane

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Delta i ein samtale om tryggleikspraksis med andre studentar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For opptak på emnet er det krav om studierett ved Universitetet i Bergen og opptak til DIGI-emner. Emnet har ei avgrensing på 200 plassar hausten 2022

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / 2 timar pr. veke

Førelesningar / 7 veker

Mogleg tilbod om fysisk undervisning ved UiB-campus.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • 2 timars digital heimeeksamen

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått.

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester er berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@ii.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@ii.uib.no

Tlf 55 58 42 00

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    20.10.2022, 16:15
    Trekkfrist
    01.10.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen