IKT-sikkerheit

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gje ei oversikt over omgrepa data- og datamaskintryggleik, med vekt på fundamentale tryggleikseigenskapar, sårbarheiter, truslar og mekanismar for å trygge datasystem.

 

Innhald:

Dei grunnleggjande:

  • tryggleikseigenskapar, verktøy og terminologi
  • brukarautentisering, metodar og prinsipp
  • Adgangskontroll, prinsipp og rolla til tilgangskontroll

 

Datatryggleik: Spesielt skadeleg programvare: typar, spreiing, saman med teknisk, organisatorisk og åtferdsmessige mottiltak.

Nettvekstryggleik: spesielt internett, nettverksbaserte angrep, og ei oversikt over mottiltak til nettverksbaserte angrep.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten kan

  • Beskrive grunnleggande tryggleiksprinsipp- og praksis
  • Beskrive truslar mot digitale system og deira potensielle skade

 

Ferdigheiter

Studenten er i stand til

  • Å identifisera moglege truslar mot eit digital system
  • Identifisera mottiltak mot desse truslane

 

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Delta i ein samtale om tryggleikspraksis med andre studentar

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Digitalt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
2,5 Studiepoeng overlapp mot INF140 og INF624
Krav til studierett
For opptak på emnet er det krav om studierett på et studieprogram ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / 2 timar pr. veke

Førelesningar / 7 veker

Mogleg tilbod om fysisk undervisning ved UiB-campus.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
  • 2 timars digital skuleeksamen tatt heimefrå.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått.
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester er berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.