Webdesign I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

NB! Oppmeldingsfristen for dette emnet er vanlegvis før den ordinære fristen 1. september. Detaljar for neste semester blir publisert i StudentWeb. Du kan melda deg opp til emnet på http://studentweb.uib.no.

Emnet dannar grunnlaget for forståinga av den kodings- og formidlingsmessige delen av Digital kultur. Det tar opp att noko av kunnskapen og ferdigheitene tileigna i Dikult101 og Dikult104, og bør takast etter desse.

Emnet handlar om å ta dei gode og rette vala når informasjon og innhald skal tilretteleggjast for ulike brukargrupper på web. Vi legg vekt på beste praksis (god skikk) i alle aspekta i emnet: akademisk analyse, praktisk estetikk og praktisk koding. Undervisninga, aktivitetane og eksamensdelane vil kombinere desse aspekta, og støtte opp under hovudmålet å forstå korleis informasjon kan og bør ha ulike representasjonar på web.

Det analytiske aspektet inneber at studentane trener på den eine sida skarp observasjon av informasjonsarkitektoniske, designmessige og kodingsmessige grep i eigne, medstudentar sine og andre, offentlege nettstader; på den andre sida trener dei på å uttale seg om desse innanfor den akademiske sjangeren i feltet (skriftlege analysar med formelle krav til argumentasjon, sitering, illustrering etc.).

Det estetiske aspektet inneber at studentane trener på å forstå og nytte konvensjonar både i tradisjonell og i web-spesifisk design for å lage tenlege, tiltalande nettstader og fremkalle stemningar.

Det kodingsmessige aspektet inneber at studentane trener på å førebu tekstar til vising på nett slik at han kan bli korrekt lesen av maskiner og nettlesarar (semantisk koding), og å skilje innhald frå presentasjon (CSS).

Alle desse aspekta vert brukte i dei tematiske einingane skriving for web (korleis ein nyttar hypertekst og andre konvensjonar), informasjonsarkitektur (korleis ein kategoriserer innhald og skil mellom mentale modellar og ulike former for navigering), usability og brukartesting (korleis ein gjer webbruken effektiv), accessibility (korleis ein legg tilrette for at t.d. blinde kan lese informasjonen), responsivitet (korleis ein gjer ein nettstad fleksibel til å kunne brukast på fleire einingar samstundes).

Studentane får rikeleg høve til å bidra med nettstader og ressursar dei finn sjølve for å gi døme på god og dårleg skikk innan desse aspekta.

Nettstadene som vert produserte gjennom semesteret er statiske. Det er ikkje høve til å nytte serverside scripting eller database.

Emnet leiar over til Dikult205, kor kunnskapen og ferdigheitene vert utvida med forståing og bruk at programmerte, genererte nettstader og databaser og bruk av multimodalitet og retorikk.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar....

  • om bakgrunnskoding av moderne nettstader med HTML og CSS
  • om beste praksis i oppmerking av tekst og anna innhald
  • om organisasjonsstruktur på ulike nivåa i web design
  • om teoriar og konvensjonar i web design, t.d. rundt balanse, fargar, linjer
  • om kjende webdesignarar
  • om ulike måtar til å best formidle eitt gitt innhald tilpassa ulike brukargrupper

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • skrive både HTML og CSS for å presentere både gitt og sjølvlaga innhald (tekst, bilete og andre medium)
  • bruke teoriar og konvensjonar til å skape design
  • kode nettstader for ulike brukargrupper
  • analysere design-grep og sjangertilhørigheit i moderne nettstader
  • skrive ein rapport rundt praktisk arbeid med ein nettstad med grunngjeving av vala som er gjort

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • organisere gruppearbeid og forhandle om oppgåver og strategiar for å produsere eit best mogleg felles resultat
  • sjå kritisk på eige og andre sitt arbeid
  • presentere og forsvare eige arbeid for ei større gruppe under tidspress

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
DIKULT101, DIKULT104
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Det er ti veker med undervisningsaktivitet. I ei slik veke vil det vere ei forelesing på to timar og ei praktisk labøving med assistent på to timar. Det er individuell rettleiing og samlingar i mindre grupper utanom dette. Semesteret tel tjue veker. Dei resterande vekene skal brukast til eige arbeid og gruppearbeid: koding, lesing og skriving. Nokre innleveringar fell i forelesingfrie veker. Undervisningsplanen er klar og kan lastast ned frå Mitt UiB ved semesterstart.

Det er viktig at studentane les og følgjer årets kursmanual i veka før undervisninga tek til.

Kurset har ei bratt læringskurve. Det er spesielt viktig at studentane møter førebudd frå og med første førelesing og frå og med første labtime. Dette inkluderer å følgje instruksane på Mitt UiB før undervisinga tek til.

Studentane må vere førebudde til både forelesningane og øvingane, fordi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Nokre gongar vert det gitt lekser (løyse ei mindre kodingsoppgåve, finne aktuelle døme på prinsipp som er skildra i faglitteraturen, etc.).

Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til semesterslutt, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og heimeeksamen, og samling av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artiklar, video).

Ein forventar at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til koding, lesing og skriving.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Emnet består av 10 obligatoriske oppgåver, som dekkjer dei ulike delane som er greidd ut om under "mål og innhald". Krava til - og fristane for desse kjem klårt fram i kursmanualen før semesteret startar, og på Mitt UiB. For fleire av oppgåvene er det obligatorisk rettleiing i form av individuelle samtaler og samtaler i mindre grupper. For fleire av desse skal studenten kommentere medstudentar sitt arbeid på ein innsiktsfull måte. Studenten må levere inn eit omfattande arbeid innan informasjonsarkitektur, dette kan gjennomførast som gruppearbeid. Studenten får resultatet og ein kort kommentar på oppgåvene kort tid etter innlevering. Om ei oppgåve ikkje er godkjend, har studenten eitt forsøk til. Faglærar set ein rimeleg frist for dette, som er endeleg.

Oppgåvene må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon, sitering og illustrering (jf. introduksjonskurset).

Vurderingsformer
Studenten skal levere éi av oppgåvene som er leverte og godkjende i løpet av semesteret i samråd med faglærar.
Karakterskala
Greidd/ikkje-greidd. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste

Vi nyttar ei lærebok i HTML5 og CSS3 og eit par mer spesialiserte bøker om design, om teknologi og om informasjonsarkitektur. I tillegg kjem det utdrag av bøker som er nedlastbare på Mitt UiB. Vi forventar at studentane aktivt supplerer dette med kjelder dei sjølve finn fram til og held seg oppdatert ved å følgje med på designbloggar og ¿samlingar og generelt bruke nettressursar til eiga arbeid. Det vert gitt tips om slike kjelder i lista over fagstoff og på forelesingane.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur
Emneansvarleg
-
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium