Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Praksisbasert bacheloroppgåve i digital kultur

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeDIKULT250
  • Talet på semester1
  • SpråkUndervisningsspråket er engelsk eller norsk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I dette emnet skal studentane fordjupe seg i eit sentralt emne innan digital kultur, gjennom arbeid med ei sjølvvald oppgåve (bacheloroppgåve). Problemstilling, opplegg og litteratur blir utarbeidd av studenten i samråd med rettleiaren.

Oppgåva skal vere eit praktisk prosjekt med rapport som plasserer oppgåva i ein større akademisk ramme. Eit praktisk prosjekt vil t.d. vere eit digital kunstverk, eit kritisk dataspel, webdesign-prosjekt, ein eksperimentell platform, anvendt teknologi, osv. 

Oppgåva gir studentane høve til å fordjupe seg på det området som interesserer dei aller mest innan digital kultur og praksis. 

Det blir gitt opplæring i reglar og normer for akademisk skriving.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

  • om eit sentralt tema innan Digital kultur
  • om spesifikk anvendt teknologi
  • om akademisk argumentasjon, drøfting og presentasjon

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • utvikle eit sjølvstendig teknologisk prosjekt
  • demonstrere dybdekunnskap om eit fokusert tema i Digital kultur
  • skrive ein rapport som set eit sjølvstendig arbeid inn i ein akademisk kontekst
  • Utvikle ein omfattande dokumentasjon av prosjektet for å vise fram relevante aspekt.

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • fordjupe seg i eit fagområde på sjølvstendig grunnlag
  • planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig prosjekt

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng (ECTS credits) i digital kultur eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Full overlapp med tidlegare DIKULT202.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er diskusjonsbasert og det blir forventa at studentane tek aktiv del i diskusjonar i klasserommet, og i presentasjonar i elektroniske fora som inngår i undervisningsopplegget.

Alle studentar skal presentere si eiga oppgåve undervegs i semesteret og gje tilbakemeldingar til medstudentar om deira oppgåve.

Det vil vere om lag 30 timar med undervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det innan fristen for semesterregistreringa.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.

Det er obligatorisk rettleiing i form av minst to rettleiingsmøte der studenten møter førebudd med eige projekt. Første møte vil finne stad ved starten av prosjektet. Siste møte vil finne stad i samband med innlevering av siste utkast.

Vurderingsformer

Studenten leverer eit større prosjekt saman med ein rapport på omlag 2500 ord om dette prosjektet. 

Studenten presenterer prosjektet på munnleg eksamen. Hovudvekta ligg på prosjektet og rapporten, medan den munnlege delen har justerande karakter. 

Karakterskala

Oppgåva får ein karakter på skalaen A til F. Sluttkarakteren kan bli justert etter munnleg. Ei forklaring av skalaen finn ein på MittUiB. Det er berre sluttkarakteren som er synleg på vitnemålet.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Emneansvarleg lagar ei felles liste for emnet med artiklar, bøker og evt videoar og anna materiale. 

Studenten vel sjølv kjelder til oppgåva i samråd med rettleiar. Kjeldene kan vere på norsk eller engelsk, og etter avtale òg på andre språk.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for digital kultur

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar.lle@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjekt og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    04.11.2022
    • Eksamensdel: Prosjekt

      Innleveringsfrist
      02.12.2022, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen