Fordjuping i digital kultur med bacheloroppgåve
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeDIKULT250
- Talet på semester1
- SpråkRettleiing vil vere på engelsk eller norsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust og vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
I dette emnet skal studentane fordjupe seg i eit sentralt emne innan digital kultur, gjennom arbeid med ei sjølvvald oppgåve (bacheloroppgåve). Problemstilling, opplegg og litteratur blir utarbeidd av studenten i samråd med rettleiaren.
Oppgåva kan vere ein teoretisk orientert studie eller eit praktisk prosjekt med rapport.
Oppgåva gir studentane høve til å fordjupe seg på det området som interesserer dei aller mest innan digital kultur. Studentar som er usikre på val av tema for bacheloroppgåva bør velje DIKULT251 for å skrive ei godkjend bacheloroppgåve.
Det blir gitt opplæring i reglar og normer for akademisk skriving.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar ...
- om eit sentralt tema innan Digital kultur
- om akademisk argumentasjon, drøfting og presentasjon
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- demonstrere dybdekunnskap om eit fokusert tema i Digital kultur
- gi ein kritisk analyse av teknologi i ein sosial og kulturell kontekst
- skrive analytiske tekstar innan akademisk skriving
Generell kompetanse
Kandidaten kan ...
- fordjupe seg i eit fagområde på sjølvstendig grunnlag
- skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving
planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig prosjekt
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng (ECTS credits) i digital kultur (eller tidlegare humanistisk informatikk) eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Emnet bør takast som det siste emnet i bachelorprogrammet, dvs. etter dei obligatoriske emna i Digital kultur og dei frie studiepoenga.
Studiepoengsreduksjon
Full overlapp med tidlegare DIKULT202.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet blir normalt gitt utan felles undervisning, kun med rettleiing. Om det melder seg mange studentar kan det bli gitt grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk rettleiing i form av minst to rettleiingsmøte der studenten møter førebudd med sjølvskreven tekst. Første møte vil finne stad ved starten av oppgåveskrivinga. Siste møte vil finne stad i samband med innlevering av siste utkast. Utkasta er anten godkjende eller ikkje godkjende. Emneansvarleg godkjenner.
Vurderingsformer
Studenten leverer ei bacheloroppgåve på omlag 5000 ord om det sjølvvalde temaet. Oppgåva skal følgje standardar for akademisk skriving.
Om oppgåva får ståkarakter blir studenten prøvd munnleg i oppgåva. Den munnlege prøven er justerande, dvs. at den endelege karakteren kan avvike frå karakteren på oppgåva med inntil éin bokstav.
Karakterskala
Oppgåva får ein karakter på skalaen A til F. Sluttkarakteren kan bli justert etter munnleg. Ei forklaring av skalaen finn ein på Mitt UiB. Det er berre sluttkarakteren som er synleg på vitnemålet.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Studenten vel sjølv kjelder til oppgåva i samråd med rettleiar. Kjeldene kan vere på norsk eller engelsk, og etter avtale òg på andre språk.
Kjeldene bør tilsvare omlag 1000 sider med tekst, og hovedvekta skal vere på akademiske tekstar. Ein kan i tillegg nytta andre kjelder som er relevante for prosjektet.
For praktisk orienterte oppgåver med rapport gjeld andre krav til kjeldeval.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Semesteroppgåve og justerande munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 07.05.2021
Eksamensdel: Semesteroppgåve
- Innleveringsfrist
- 28.05.2021, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen