Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeDIKULT251
- Talet på semester1
- SpråkUndervisningsspråket er engelsk eller norsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi ei fordjuping i eit tema knytt til relasjonane mellom informasjonsteknologiar, samfunn og kultur. Emnet formidlar både breie teoretiske perspektiv og fordjuping i eit konkret område.
Vektlegginga av tema og val av fordjupingsområde vil kunne variere, og kan til dømes vere estetisk, historisk, kjønnskritisk, etnografisk, mediekritisk eller filosofisk.
Studentane skal utvikle evna til å reflektere kritisk omkring korleis teknologi påverkar og blir påverka av samfunnet og korleis nye kulturelle dimensjonar kjem til uttrykk. Dei skal kjenne og kunne bruke teoretiske omgrep og perspektiv på ein fruktbar måte.
Oppgåva gir trening i å anvende aktuelle teoretiske perpektiv på eit fordjupningsområde.
Det blir gitt rettleiing i reglar og normer for akademisk skriving.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar ...
- om eit sentralt tema innan Digital kultur
- om akademisk argumentasjon, drøfting og presentasjon
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- demonstrere dybdekunnskap om eit fokusert tema i Digital kultur
- gi ein kritisk analyse av teknologi i ein sosial og kulturell kontekst
- skrive analytiske tekstar innan akademisk skriving
Generell kompetanse
Kandidaten kan ...
- fordjupe seg i eit fagområde på sjølvstendig grunnlag
- skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng i digital kultur eller liknande.
Tilrådde forkunnskapar
Emnet bør takast som det siste emnet i bachelorprogrammet, dvs. etter dei obligatoriske emna i Digital kultur og dei frie studiepoenga.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar 100% med tidlegare DIKULT206.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er seminarbasert og det blir forventa at studentane tek aktiv del i diskusjonar i klasserommet, og i presentasjonar i elektroniske fora som inngår i undervisningsopplegget.
Alle studentar skal presentere tekstar frå pensum og leie diskusjon om tekstane i seminarer. I tillegg vil ein presentere si eiga oppgåve undervegs i semesteret og gje tilbakemeldingar til medstudentar om deira oppgåver.
Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringen 1. februar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.
Det er obligatorisk rettleiing i form av minst to rettleiingsmøte der studenten møter førebudd med sjølvskreven tekst. Første møte vil finne stad ved starten av oppgåveskrivinga. Siste møte vil finne stad i samband med innlevering av siste utkast.
Det er obligatorisk krav om munnleg presentasjon av oppgåva.
Vurderingsformer
Studenten leverer ei bacheloroppgåve på omlag 4000 ord (ekskludert referansar) om ei sjølvvald problemstilling innanfor fordjupingsområdet frå undervisninga.
Karakterskala
Oppgåva får ein karakter på skalaen A til F, kor F er stryk. Ei forklaring av skalaen finn ein på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Emneansvarleg lagar ei felles liste for emnet med artiklar, bøker og evt videoar og anna ikkje-skriftleg materiale. Studenten vel sjølv fleire kjelder til oppgåva. Kjeldene kan vere på norsk eller engelsk, og etter avtale òg på andre språk.
Kjeldene bør tilsvare omlag 1000 sider med tekst, og hovedvekta skal vere på akademiske tekstar. Ein kan i tillegg nytta andre kjelder som er relevante for prosjektet.
Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Bacheloroppgåve
- Innleveringsfrist
- 30.05.2023, 13:00
- Trekkfrist
- 08.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen