Sentrale teoriar i digital kultur
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeDIKULT302
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk, norsk ved behov
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Dette emnet gir studentane ei innføring i aktuelle teoriar og debattema frå fagfeltet Digital kultur. Studentane skal lære å orientere seg i eit vidt landskap av forståingsrammer som dei vil kunne nytte til å observere, skildre og fortolke forholdet mellom individ, samfunn og teknologi. Ein vil leggje særskild vekt på forståinga av både digitale objekt (som til dømes sosiale medium, digital kunst og litteratur) og mennesket sitt møte med den digitale verda.
Gjennom forelesingar og eige arbeid skal studentane lære å vurdere og bruke aktuelle teoriar i masterstudiet sitt og bruke desse til å granske konkret forskingsmateriale.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar om:
- sentrale tekstar innan Digital kultur
- sentrale teoriar og teoretikarar innan fagfeltet Digital kultur
- sentrale debattspørsmål innan Digital kultur, til dømes rundt teknologi og teknisitet, kropp, identitet, kjønn og etnisitet.
- aktuelle estetiske etiske og filosofiske tema i Digital kultur og tilgrensande fagfelt
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- orientere seg blant konkurrerande innfallsvinklar og utforme ei sjølvstendig tilnærming til fagfeltet
- samanlikne konkurrerande forståingsrammer og vurdere deira relevans for eit konkret tema innan Digital kultur
- utforme kunnskapsmål som grunnlag for metodeutvikling i mastergradsprosjektet i Digital kultur
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
- kritisere allmenne førestellingar i media med utgangspunkt i teori
- formulere og formidle denne refleksjonen overfor både eit akademisk og eit allment publikum
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i digital kultur. Studentar på andre masterprogram ved Universitetet i Bergen kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over tolv veker. Det er eitt seminar på tre timar i veka. Det blir forventa at studentane tar aktiv del i diskusjonar i klasserommet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan
instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets
retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere
aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og
før semesterregistreringsfristen 1. februar. / 1. september
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Det vert gitt omlag sju mindre oppgåver som ein del av kurset. Desse oppgåvene er normalt skriftlege arbeid, som til dømes teksttolkingar, analytiske svar på gitte spørsmål, casestudiar eller feltarbeid.
Dei skal presenterast munnleg i undervisinga individuelt eller i gruppe. Dei er anten godkjende eller ikkje godkjende. Emneansvarleg godkjenner.
Vurderingsformer
Sju dagars heimeeksamen, med eit omfang på 5000-7000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Litteraturliste
Studentane skal lese eit omfattande felles pensum (tilsvarande mellom 500 til 1000 sider) av bøker, artiklar, nettbaserte tekstar og materiale, filmar og digitale artefaktar. Studentane må vere førebudde på å lese lengre tekstar.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.
I samarbeid med emneansvarleg skal studentane sjølve velje teoribasert tilleggsfagstoff tilsvarande fellespensumet.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 15.02.2021, 13:00
- Innleveringsfrist
- 22.02.2021, 13:00
- Trekkfrist
- 02.02.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen