Seminaremne i digital kultur
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeDIKULT304
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk, norsk ved behov
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master og PhD
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mastergradsstudiet tar sikte på å gi ei grundig innføring i Digital kultur, i teoretiske og analytiske metodar og arbeidsteknikkar.
DIKULT304 er eit seminaremne i Digital kultur med vekt på sentrale spørsmål innan forsking på feltet Digital kultur. Emnet femner om relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema. Tema for emnet vil variere, og kan til dømes vere:
- ein teoretisk tradisjon (t.d. feministisk teknologiforsking)
- ein metode (t.d. statistisk analyse av samhandling på nett)
- eit tema (t.d. bruk av sosiale medium i politikken)
- ein sentral problemstilling (t.d. internasjonale relasjonar i nettverkssamfunnet)
Tema vert annonsert ved semesterstart.
Ein sentral del av emnet er å delta i diskusjonar og munnlege presentasjonar.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar om:
- eit nærare avgrensa tema innan Digital kultur
- teoretiske og metodologiske perspektiv som er særs relevante for forsking på dette temaet
- dokumentasjonsteknikkar, bibliografisk arbeid, argumentasjonsformer, og munnleg presentasjon i ei akademisk form
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- på sjølvstendig grunnlag velje eit problemområde innan eit nærare avgrensa tema, identifisere og drøfte sentrale problemstillingar knytt til forståing av dette problemområde.
- analysere og ta stilling til omdebatterte forskingsspørsmål
- førebu og halde ein munnleg akademisk presentasjon og bruke til dømes audiovisuell formidling
- arbeide med eit konkret pilotprosjekt som omhandlar til dømes digital verk, ytringsformer eller individ
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
- presentere og forsvare eit temabasert pilotprosjekt for eit akademisk publikum
- kombinere munnleg og visuell, eller audiovisuell formidling av eit avgrensa tema til eit ikkje-spesialisert fagpublikum
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
To emne på 300-nivå
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital kultur ved Universitetet i Bergen. Studentar på andre masterprogram kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over ti veker. Det er eitt seminar på 4 timar i veka. Det blir forventa at studentane tar aktiv del i diskusjonar i klasserommet og held jamne presentasjonar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To munnlege presentasjonar i undervisninga.
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av faglærar. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.
Dei obligatoriske aktivitetane er anten godkjende eller ikkje godkjende, og er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Individuell munnleg presentasjon på 20 minutt om eit oppgitt tema som er knytt til undervisninga. Tema for presentasjonen blir gitt sju dagar før eksamen.
Den munnlege presentasjonen kan bli arrangert som ein konferanse for deltakarane på emnet og fagmiljøet.
Det blir ikkje gitt eksamen i undervisningsfrie semester.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Studentane skal lese eit felles pensum tilsvarande 500 sider. I samarbeid med emneansvarleg skal studentane sjølve velje teoribasert tilleggsfagstoff tilsvarande fellespensumet. Studentane vil dessutan bli kjende med konkret empirisk materiale, til dømes e-litteratur, filmar, digitale artefakter som er relevante for deira faglege arbeid innan det nærare avgrensa temaet.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Innleveringsfrist
- 07.06.2022, 13:00
- Trekkfrist
- 23.05.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen