Seminaremne i digital kultur

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mastergradsstudiet tar sikte på å gi ei grundig innføring i Digital kultur, i teoretiske og analytiske metodar og arbeidsteknikkar.

DIKULT304 er eit seminaremne i Digital kultur med vekt på sentrale spørsmål innan forsking på feltet Digital kultur. Emnet femner om relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema. Tema for emnet vil variere, og kan til dømes vere:

  • ein teoretisk tradisjon (t.d. feministisk teknologiforsking)
  • ein metode (t.d. statistisk analyse av samhandling på nett)
  • eit tema (t.d. bruk av sosiale medium i politikken)
  • ein sentral problemstilling (t.d. internasjonale relasjonar i nettverkssamfunnet)

Tema vert annonsert ved semesterstart.

Ein sentral del av emnet er å delta i diskusjonar og munnlege presentasjonar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om:

  • eit nærare avgrensa tema innan Digital kultur
  • teoretiske og metodologiske perspektiv som er særs relevante for forsking på dette temaet
  • dokumentasjonsteknikkar, bibliografisk arbeid, argumentasjonsformer, og munnleg presentasjon i ei akademisk form

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • på sjølvstendig grunnlag velje eit problemområde innan eit nærare avgrensa tema, identifisere og drøfte sentrale problemstillingar knytt til forståing av dette problemområde
  • analysere og ta stilling til omdebatterte forskingsspørsmål
  • førebu og halde ein munnleg akademisk presentasjon og bruke til dømes audiovisuell formidling
  • arbeide med eit konkret pilotprosjekt som omhandlar til dømes digitale verk, ytringsformer eller individ

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
  • presentere og forsvare eit temabasert pilotprosjekt for eit akademisk publikum
  • kombinere munnleg og visuell, eller audiovisuell formidling av eit avgrensa tema til eit ikkje-spesialisert fagpublikum

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master og PhD

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
To emne på 300-nivå
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital kultur ved Universitetet i Bergen. Studentar på andre masterprogram kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer

Det er tjue veker i semesteret, der ti veker normalt har undervisning. Ei veke med undervisning vil normalt innehalde eitt seminar på fire timar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret. Det blir forventa at studentane tar aktiv del i diskusjonar i klasserommet og held presentasjonar jamnt.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

To munnlege presentasjonar i undervisninga.

Dei obligatoriske aktivitetane er anten godkjende eller ikkje godkjende, og er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Individuell munnleg presentasjon på 20 minutt om eit tema frå undervisninga i semesteret. Den nøyaktige oppgåvestellinga for presentasjonen blir gitt sju dagar før eksamen. Den munnlege presentasjonen kan bli arrangert som ein konferanse for deltakarane på emnet og fagmiljøet.
Karakterskala
Karakterskala A-F. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Studentane skal lese eit felles pensum tilsvarande 500 sider. I samarbeid med emneansvarleg skal studentane sjølve velje teoribasert tilleggsfagstoff tilsvarande fellespensumet. Studentane vil dessutan bli kjende med konkret empirisk materiale, til dømes e-litteratur, filmar, digitale artefakter som er relevante for deira faglege arbeid innan det nærare avgrensa temaet.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur
Emneansvarleg
-
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium