Praksis i data science

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Eit praksisarbeid i data science skal definerast og gjennomførast saman med rettleiar frå Institutt for informatikk. Dette vil vere ei data science oppgåve for ein bedrift eller eit institutt som vil hente ut nyttig informasjon og kunnskap frå data. Tilgjengeleg praksisplasseringer vert annonsert på Mitt UiB for DSC219 sida. Spørsmål om aktuelle bedrifter og prosjekt kan rettast til studierettleiar ved Institutt for informatikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten kjenner til

  • grunnleggjande strategiar for prosjekt- og tidsstyring
  • grunnleggjande strategiar for praktisk sam-arbeid i team

Ferdigheiter

Studenten kan

  • delta i et data science prosjekt
  • bidra til den skriftlige dokumentasjonen av et data science prosjekt i form av ein teknisk rapport
  • muntleg presentasjon av eit data science prosjekt

Generell kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere effektivt med medlemmer av eit team både munnleg og skriftleg
  • arbeide med problemløysing i team

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor
Krav til forkunnskapar
DSC100
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
INF219 (5 stp)
Krav til studierett
Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet data science (sivilingeniør), master, 5 år.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, individual arbeid, presentasjonar

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • skriftlig rapport av praksisprosjektet
  • munnleg presentasjon av prosjektet
Karakterskala
Bestått / ikke bestått.
Vurderingssemester
Vurdering i undervisningssemesteret
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematiske-naturvitskapelege fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.