Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i kinesisk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeEAS251
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og norsk 
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Kurset har to hovudmål. Ein skal tileigne seg kunnskap om det kinesiske språket og kulturen/ samfunnet der det vert nytta. I tillegg skal ein få trening i kritisk lesing av akademiske tekstar, og skrive ei akademisk oppgåve om eit Kina-relatert tema.

Læringsutbyte

 Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har solid kunnskap om utvalde tema knytte til det kinesiske samfunnet.
  • er kjend med konvensjonar for skriving av akademiske oppgåver.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan delta i diskusjonar om Kina-relaterte tema, ved å formulere argument og bidra med relevant kunnskap.
  • kan leite fram seriøs kjeldelitteratur om utvalde Kina-relaterte tema og nytte desse i eit skriftleg arbeid.
  • kan lese akademisk tekst på engelsk og/eller norsk med eit kritisk og kunnskapsbasert blikk.
  • kan formulere ei problemstilling innanfor eit Kina-relatert tema, reflektere over omgrep og termar, handsame kjelder, argument og kunnskap og skrive om temaet på ein reflektert og grundig måte.
  • kan ta imot og lære av kritiske kommentarar til eigen tekst i høve til struktur, argumentasjon og formuleringar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan tileigne seg kunnskap om eit tema og skrive ein akademisk tekst om dette under rettleiing.
  • kan ta imot og lære frå kritiske kommentarar til eige tekstar, både med tanke på struktur, argumentasjon og formuleringar.

Tilrådde forkunnskapar

 God dugleik i engelsk

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for EAS251 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med KIN251. Utteljinga blir redusert med 10 studiepoeng om EAS251 blir kombinert med EAS250.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

 Forelesingar og seminar i tolv veker:

  • to timar med forelesingar per veke i fem veker.
  • fire timar med forelesingar/seminar i fem veker, i fellesskap med EAS250
  • to timar seminar i to veker. Seminara er orienterte rundt studentane sine eigne munnlege presentasjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk med rettleiing to gonger på bacheloroppgåva. Studentane skal òg ha munnleg framlegging i samband med oppgåva i løpet av semesteret. Det er obligatorisk oppmøte til minst 75 prosent av undervisninga.

All obligatorisk undervisningsaktivitet må bli godkjent i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

 Ei rettleidd bacheloroppgåve på 5000 ord om sjølvvalt emne.

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Utvalde bøker og artiklar.

Studenten søkjer sjølv etter relevant litteratur for oppgåva i samråd med faglærar.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Emneansvarleg

Programstyret for japansk og programstyret for kinesisk har begge ansvar for fagleg innhald og kvaliteten på dette emnet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no