Innføring i samfunnsøkonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet for kurset er å gi ei elementær innføring i faget samfunnsøkonomi.

Kurset startar med eit historisk tilbakeblikk over dei siste hundreåra med vekt på utviklinga i inntekt og levekår. Deretter følgjer eit overblikk over grunnleggjande omgrep og sentrale føresetnader i samfunnsøkonomi-faget.

Vidare gir kurset ein oversikt over og smakebitar frå sentrale deler av faget - først korleis individ og bedrifter foretar økonomiske val (mikroøkonomi). Vi studerer kva som kjenneteiknar åtferda vår når vi står overfor økonomiske val, både som einskildindivid og -bedrifter og i samhandling eller i konflikt med andre. Velfungerande marknader blir samanlikna med forhold som gjer at marknaden ikkje fungerer, så som forureining, offentlege goder m.m. Deretter zoomar vi ut og studerer økonomien som eit system (makroøkonomi). Tema som blir tatt opp i denne bolken, er bl.a. konjunkturar og økonomiske kriser, arbeidsløyse, inflasjon, og korleis styresmaktene kan påverke den økonomiske utviklinga gjennom finans- og penge-/rentepolitikk.

Det vil bli lagt stor vekt på å vise korleis dei ulike teoriane kan kaste lys over aktuelle spørsmål frå norsk og internasjonal røyndom.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Har kjennskap til sentrale omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt og modell.
  • Har kjennskap til sentrale deler av faget. Mikroøkonomi: Bl.a. modellar for åtferda til konsumentar og produsentar under konkurranse og under fråvær av konkurranse; eksterne verknader og offentleg politikk. Makroøkonomi: Bl.a. modellar for konjunktursyklar og arbeidsløyse; makroøkonomisk stabilisering; inflasjon og pengepolitikk.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan identifisere sentrale omgrep og analytiske poeng i økonomiske fagtekstar.
  • Meistrar sentrale teoriar og er i stand til å bruke teoriane til å gjennomføre enkle analyser av hendingar og fenomen i norsk og internasjonal økonomi

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • Har grunnleggjande ferdigheiter til å skaffa seg ny økonomisk fagkunnskap.
  • Har grunnleggjande kompetanse til å bruke økonomiske omgrep og teori til drøfte økonomisk politikk.
  • Kan halde empiriske døme opp mot økonomiske modellar og teoriear.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

For studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er deltaking på oppgåveseminara obligatorisk. Dei må også levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.  

Vurderingsformer

4 timar skriftleg skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innen 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.