Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Utviklingsøkonomi I

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Kurset introduserer studentane til sentrale problemstillingar knytt til økonomisk utvikling i fattige land. Vi observerer at det er stor skilnad i materiell velstand mellom fattige og rike land, og at skilnaden vert større med tida. I tillegg til å kartlegge økonomiske storleikar, gjennomgår vi i kurset ulike teoriar som kan forklare årsakene til økonomisk vekst og utvikling (eller mangel på økonomisk vekst og utvikling).

Skilnaden i inntekt mellom rike og fattige land er enorm, og skilnaden vert større med tida. I kurset presenterer vi tal som underbyggjer desse påstandane, og teoriar som kan kaste lys over årsakene til utviklinga. Kurset gir ei innføring i korleis ulike økonomiske institusjonar og marknader fungerer i fattige land. Det vert spesielt fokusert på korleis kredittmarknaden fungerer. I kurset vert det også diskutert korleis ein i fattige land får realisert økonomiske mekanismar som forsterkar fattigdom (fattigdomsfeller).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Kan forklare kor store skilnader det er i materielle levekår mellom rike og fattige land, korleis denne skilnaden har utvikla seg over tid og i kva grad andre levekårsindikatorar (slik som helse og skule) samvarierar med inntekt per capita.
  • Kan forklare kva økonomisk vekst er, kva vilkår som ligg til grunn for økonomisk vekst og kunne gjere greie for sentrale teoriar for økonomisk vekst.
  • Kan greie ut om ulike fattigdoms- og ulikskapsmål, og fordeler og ulemper ved dei ulike måla. Han eller ho skal kjenne sentrale demografiske trekk i verda og kunne forklare korleis vekst i folketal påverkar andre økonomiske tilhøve.
  • Kan greie ut om utviklinga i internasjonale handelsmønster og gjere greie for sentrale økonomiske teoriar for internasjonal handel.
  • Kan greie ut om sentrale multilaterale hjelpeorganisasjonar og kva rolle dei har. Dei skal og kunne forklare kvifor og korleis økonomisk utviklingshjelp vert gitt, og kva ulike teoriar seier om korleis slik hjelp verka.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan nytte modellar som analyseverktøy i diskusjon om blant anna skilnader mellom fattige og rike land og verknader av økonomisk vekst på ulikskap og fattigdom.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Skriftleg 4 timar eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøver:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    03.12.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    19.11.2019