Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Miljø- og ressursøkonomi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Når folks behov er lite i forhold til det som er tilgjengeleg av resursar går det som regel greitt. Folk bekymrar seg ikkje over luftforureiningar når lufta stort sett er rein. Folk bekymrar seg heller ikkje over støy når det stort sett er stille. Men når luftforureiningar aukar, når folk blir sjuke av luftvegsinfeksjonar og når folk plagast av trafikkstøy, ønsker folk reinare luft og mindre støy. Med fri tilgang til luft og stillhet kan kvar av oss uintendert skada andre folk. Det kalles eksternaliteter.   

Eit kjernespørsmål i kurset er korleis folk faktisk løyser eksternaliteter. Vil den usynlege handa i marknaden løysa eksternaliteter? Eller må den synlege handa til staten bidra?

Målsetjinga for kurset er å gi ei brei innføring i miljø- og naturressursøkonomi. Kurset startar med ein gjennomgang av ei historisk utvikling i verda med vekt på økonomi, sosiale forhold, miljø og naturressursar.

Deretter går kurset inn på økonomiske tenkemåtar. Sentrale omgrep er marknader, frivillige byte, arbeidsdeling og spesialisering, kostnader og avgjerder, etterspørsel, prisar som koordinering i marknader, eigedomsrett og sosiale normer.  Kurset tar opp sentrale ombegrep knytt til miljøøkonomi: eksternaliteter, kollektive goder, allmenningens tragedie, fangenes dilemma og gratis passasjerproblemet. Videre tar kurset opp offentleg verkemiddelbruk som miljøskatter (også kalt Pigou-skatter), omsettelige kvotar og regulering.  Kurset går inn på markedsbasert tilnærmingar til miljøproblemer, og korleis folk i praksis løyser miljøproblem.

Kurset legg òg vekt på økonomisk teori knytta til utnytting av fornybare ressursar som skog, fisk og vatn og ikkje-fornybare ressursar av olje, naturgass og kol.

Kurset blir knytt til aktuelle miljøpolitiske tema som utslepp av klimagassar og FNs berekraftsmål.  

I kurset gjennomføres fleire klasse-eksperiment.  

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Skal ha kunnskap om historiske utvikling med vekt på økonomi, sosiale forhold, miljø og naturressursar.
  • Har kjennskap til dei sentrale miljøspørsmåla som luftforureining og utslepp av klimagasser
  • Kan gjera greie på sentrale omgrep i marknadsteori som frivillig byte, spesialisering og arbeidsdeling, kostnader og avgjerder, tilbod og etterspørsel, priser.   
  • Kan gjera greie på sentrale omgrep innanfor miljøøkonomi som eksternaliteter, kollektive gode, fangenes dilemma, allmenningens tragedie og gratispassasjerproblemet
  • Kan gjera reie for teorier om sosiale normer og hvordan det relateres til eksternaliteter, kollektive goder, allmenningens tragedie og gratispassasjerproblemet
  • Kan gjera greie på ulike offentlege verkemiddel som Pigouskatter, omsettelige kvotar og  miljøstandardar.  
  • Kan gjera greie på ulike private virkemidler som Coase forhandlingar og sosiale normer.
  • Kan forklare sentrale omgrep som ressursrente og ressursknappheit.

Ferdigheiter

Studenten

  • Skal vera i stand til å analysera og formidla samanheng mellom miljø og økonomi. 
  • Kan gjere reie for sentrale omgrep innan økonomi som frivillig byte, kostnader, etterspørsel og prisar.
  • Kan gjere reie for sentral omgrep i miljøøkonomi som eksternaliteter, kollektive goder, allmenningens tragedie og fangens dilemma
  • Kan gjere reie for sosiale normer og korleis dei kan påvirke eksternaliteter.
  • Kan gjere reie for offentlege verkemiddel som miljøskatter (Pigou-skatter), omsettelige kvoter og miljøstandarder.
  • Kan gjere reie for private virkemidler som Coase forhandlinger og eiendomsrett.
  • Kan gjere reie for prinsipp for samfunnsøkonomisk utvinning av ikke-fornybare ressurser som olje, gass og kull og fornybare ressursar som fisk og skog.
  • Kan drøfta aktuelle miljøpolitiske tema som FNs berekraftsmål og utslepp av klimagass.

Generell kompetanse 

Studenten

  • skal vera i stand for å gjera reie for forskjellen på «topp-ned» tankemåte og «nedanfrå og opp» tankemåte i tilnærminga av kollektive problem.
  • skal vera i stand til å gjera reie forskjellen på forsking med mål med å søkje sanningog kunnskap og forsking med ein politisk agenda som mål.  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

  • 15 førelesningar
  •  3 seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av tre utkast i mappa. Alle tre utkasta må vere godkjende.

For å få godkjend eit utkast må det vere utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svare på størsteparten av oppgåva. Merk også at det berre vil bli gitt ein sjanse til å få godkjend kvar av det tre utkasta.

Dersom oppgåva skal leverast som podcast kan utkastet vere skriftleg.

Vurderingsformer

Mappevurdering med tre oppgåver.

Kvar av oppgåvene kan skrivast ålene eller i ei gruppe på maks 3 studentar. Oppgåvene kan leverast skriftleg eller som podcast. Til karaktervurdering av emnet trekkes det ut ein av dei tre oppåvane. Det er den same oppgåven for alle studentar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet. 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    09.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppgåve 1

      Innleveringsfrist
      16.12.2022, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppgåve 2

      Innleveringsfrist
      16.12.2022, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppgåve 3

      Innleveringsfrist
      16.12.2022, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen