Helseøkonomi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeECON121
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust
Emnet tilbys ikkje hvert semester. Ta kontakt med studieveileder for mer informasjon
Mål og innhald
Formålet med kurset er å gi ei oversikt over økonomiske metodar som kan brukast på analyser av helsesektoren.
Kurset vil gi studentane ei innføring i grunnleggjande emne i helseøkonomi og erfaring med korleis desse kan brukast til å vurdere og løyse styringsproblem i helsesektoren. Studentane vil få innsikt i oppbygging av den norsk helsesektoren, og i metodar for evaluering av helsetiltak, i betalings- og finansieringssystem i helsesektoren, og om marknads- og konkurranseformer ved produksjon av helsetenester. Bruk er på analyser av helseføretak (sjukehus), kommunehelsetenesta og allmennlegar, marknader for legemiddel, og fordeling av helse- og helsetenester i befolkninga. Det vil også bli gitt ei innføring i enkelte globale helseproblemstillingar og helseproblem i utviklingsland.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
- Kjenner til kva som gjer helsesektoren forskjellig frå andre viktige sektorer i økonomien
- Har grunnleggjande kunnskap om oppbygginga av det norske helsesystemet.
- Har kunnskap om ulike definisjonar av helse og i kva for nokre situasjonar dei ulike omgrepa er relevante.
- Har kunnskap om økonomisk teori bak etterspurnad etter helse og helsetenester, deriblant enkel konsumentteori og Grossmanmodellen.
- Veit korleis ein kan måle sosioøkonomisk ulikhet i helsetilstanden innan eit samfunn og på tvers av samfunn, samt kva teorien og empirien har å si om temaet.
- Har kunnskap om ulike formar for økonomiske evalueringar.
- Kjenner til teorien bak, samt metodiske utfordringar ved dei ulike økonomiske evalueringane.
- Har kunnskap om ulike teoriar knytt til finansiering i helsesektoren, både på systemnivå og på individnivå.
Ferdigheiter
Kandidaten...
- Kan framstille hovudtrekka i oppbygginga av det norske helsesystemet samt greie ut om kva for tankar som ligg bak.
- Kan med hjelp av enkle modellar diskutere kva slags implikasjonar ulike helsemål kan ha for prioriteringar og anna helsepolitikk.
- Kan gi ein oversikt over korleis økonomiske analyser av helsesektoren og helsepolitiske spørsmål kan gjennomførast
- Kan diskutere og forklare skilnader og fellestrekk mellom kostnads-, nytte- og verdianalyser i lys av praktiske døme, samt anvende analysane på enkle døme
- Kan diskutere uheldige verknader av ulike finansieringssystem og korleis (meir) optimale system kan utformest.
- Kan greie ut om og diskutere ulike problemstillingar knytta til helsevesen og helseforbetringar i utviklingsland
Generell kompetanse
Kandidaten...
- Er i stand til å vurdere fleire aktuelle diskusjonar omkring til dømes prioriteringar i helsevesenet i lys av økonomiske resonnement.
- Er oppmerksam på kva ein kan forvente av økonomiske evalueringar meir generelt og er i stand til å gjere overordna vurderingar av kvalitet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Full poengreduksjon mot ECON221
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi