Helseøkonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Formålet med kurset er å gi ei oversikt over økonomiske metodar som kan brukast på analyser av helsesektoren.

Kurset vil gi studentane ei innføring i grunnleggjande emne i helseøkonomi og erfaring med korleis desse kan brukast til å vurdere og løyse styringsproblem i helsesektoren. Studentane vil få innsikt i oppbygging av den norsk helsesektoren, og i metodar for evaluering av helsetiltak, i betalings- og finansieringssystem i helsesektoren, og om marknads- og konkurranseformer ved produksjon av helsetenester. Bruk er på analyser av helseføretak (sjukehus), kommunehelsetenesta og allmennlegar, marknader for legemiddel, og fordeling av helse- og helsetenester i befolkninga. Det vil også bli gitt ei innføring i enkelte globale helseproblemstillingar og helseproblem i utviklingsland.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Kjenner til kva som gjer helsesektoren forskjellig frå andre viktige sektorer i økonomien
  • Har grunnleggjande kunnskap om oppbygginga av det norske helsesystemet.
  • Har kunnskap om ulike definisjonar av helse og i kva for nokre situasjonar dei ulike omgrepa er relevante.
  • Har kunnskap om økonomisk teori bak etterspurnad etter helse og helsetenester, deriblant enkel konsumentteori og Grossmanmodellen.
  • Veit korleis ein kan måle sosioøkonomisk ulikhet i helsetilstanden innan eit samfunn og på tvers av samfunn, samt kva teorien og empirien har å si om temaet.
  • Har kunnskap om ulike formar for økonomiske evalueringar.
  • Kjenner til teorien bak, samt metodiske utfordringar ved dei ulike økonomiske evalueringane.
  • Har kunnskap om ulike teoriar knytt til finansiering i helsesektoren, både på systemnivå og på individnivå.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan framstille hovudtrekka i oppbygginga av det norske helsesystemet samt greie ut om kva for tankar som ligg bak.
  • Kan med hjelp av enkle modellar diskutere kva slags implikasjonar ulike helsemål kan ha for prioriteringar og anna helsepolitikk.
  • Kan gi ein oversikt over korleis økonomiske analyser av helsesektoren og helsepolitiske spørsmål kan gjennomførast
  • Kan diskutere og forklare skilnader og fellestrekk mellom kostnads-, nytte- og verdianalyser i lys av praktiske døme, samt anvende analysane på enkle døme
  • Kan diskutere uheldige verknader av ulike finansieringssystem og korleis (meir) optimale system kan utformest.
  • Kan greie ut om og diskutere ulike problemstillingar knytta til helsevesen og helseforbetringar i utviklingsland

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • Er i stand til å vurdere fleire aktuelle diskusjonar omkring til dømes prioriteringar i helsevesenet i lys av økonomiske resonnement.
  • Er oppmerksam på kva ein kan forvente av økonomiske evalueringar meir generelt og er i stand til å gjere overordna vurderingar av kvalitet.

Undervisningssemester

Haust

Emnet tilbys ikkje hvert semester. Ta kontakt med studieveileder for mer informasjon

Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Full poengreduksjon mot ECON221
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.