Innføring i spel og strategiar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje studentane ei brei innføring i grunnleggjande spelteori. Spelteori er ein teori for korleis aktørar (individ, bedrifter, land m.v.) kan velje å oppføre seg når utfallet også avheng av kva andre aktørar gjer. 

Eit døme er konkurranse mellom eit lite antal bedrifter, men spelteori kan nyttast langt vidare enn dette - til å studere avgjerder både innanfor og utanfor økonomifaget.

Gjennom forelesingar og seminar vil studentane møte eit vidt spekter av problem som vi kan analysere med spelteori.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Forstår korleis spelteori kan nyttast til å analysere avgjerdsproblem innafor eit vidt område i samfunnet.
  • Har grunnleggjande kjennskap til sentrale spelteorietiske omgrep, som strategiar, Nash-likevekt, delspelperfekt likevekt og bayesianske/perfekt bayesianske likevekter.

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan nytte grunnleggjande spelteori til å studere og diskutere strategiske situasjonar, både økonomiske og ikkje-økonomiske.¿

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan finne og drøfte likevekter og utfall
  • Kan drøfte korleis utfallet av spel relaterer seg til samfunnsmessig optimale utfall.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Faget krev noko kjennskap til grunnleggande matematikk. Studentane må mellom anna kunne teikne opp lineære funksjonar, løyse likningar i ein variabel og bruke litt sannsynsrekning. Det blir ikkje nytta derivasjon.
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte på minst 2 av 3 seminar.

Ei obligatorisk oppgave (må gjerast i grupper)

Deltaking i presentasjon av obligatorisk oppgåve på seminar.

Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

3 timars skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
  • Bokstavkarakterar A-F
  • Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

    Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

    • Legeattest/gyldig fravær
    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret. 
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.