Makroøkonomi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeECON130
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Målsetjinga med kurset er å gi studentane ei innføring i makroøkonomiskeomgrep og samanhengar.
Kurset tar til med ei innføring i makroøkonomiske omgrep som nasjonalprodukt, privat og offentleg konsum, sparing, investering, eksport og import. Det vert lagt vekt på å vise korleis desse storleikane kan målast, bestemmast og står i høve til kvarandre. Vidare vil ein gå igjennom teorien for korleis sentrale målstorleikar, t.d. arbeidsløyse, inflasjon og rentenivå, kan påverkast ved hjelp av offentleg finans- og pengepolitikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
- kan gjere greie for dei sentrale makroøkonomiske nøkkelomgrepa og dei viktigaste sambanda i nasjonalrekneskapen.
- kan forklare korleis desse nøkkelstorleikane venteleg heng saman med kvarandre, spesielt rente, valuta, prisstigning og aktivitetsnivå.
- kan forklare sentrale keynesianske modellar for lukka og open økonomi.
- kan drøfte inflasjon og rolla til inflasjonsforventingane høyrer og med.
Ferdigheiter
Kandidaten...
- kan nytte modellane til å drøfta aktuelle makroøkonomiske hendingar i Noreg og verda - og forstå kva som ligg bak bruken av dei to sentrale makroøkonomiske politikkinstrumenta i Noreg, nemleg inflasjonsmålet til Noregs Bank og handlingsregelen for bruk av pengar over statsbudsjettet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
4 studiepoeng med ITØK102
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Skriftleg 4 timar eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Vårsemesteret 2023 er det i tillegg til dei ordinære hjelpemidla i kurset, også høve til å ta med læreboka i kurset: Makroøkonomi av Steinar Holden, 2016.
Det er høve til å notera i boka.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)
- Dato
- 25.09.2023, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 11.09.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 2. etg.