Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Matematikk for økonomer

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Kurset skal gjera studentane i stand til betre å møta dei krav som vert stilt til matematikk som ein står overfor i andre økonomikurs.

Kurset begynnar med ei innføring i elementær algebra, likningar og funksjonar av ein variabel. Kurset held så fram med derivasjon og kontinuitet og implisitt derivasjon. Vidare studerer ein finansmatematikk og maksimums- og minimumsproblem. Så følgjer ei innføring i integralrekning og presentasjon av funksjonar av fleire variablar samt derivasjon av implisitt gitte funksjonar. Kurset vert avslutta med optimeringsproblem for funksjonar av fleire variablar og maksimering og minimering med sidevilkår (Lagranges metode).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for kontinuitetsomgrepet, derivasjon med éin og med fleire variablar, samt implisitt derivasjon.
  • kan gjere greie for enkel integralrekning
  • forstår korleis ein brukar geometriske rekker og veit kva elastisitetar tyder.
  • forstår optimeringsproblem for funksjonar av fleire variablar og maksimering og minimering med sidevilkår (Lagranges metode).

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytta elementær algebra med likningar og funksjonar av éin variabel, inklusive eksponensialfunksjonar og logaritmar.
  • kan nytta derivasjon, implisitt derivasjon og rekne med elastisitetar
  • kan nytta finansmatematikk, geometriske rekker og løyse maksimums- og minimumsproblem.
  • kan formulera enkle økonomiske problem matematisk, løysa desse og tolka resultata.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

MAT101: 7 studiepoeng, MAT111: 5 studiepoeng.

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1 obligatorisk innleveringsoppgåve og 2 fleirvalsoppgåver (multiple choice) må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøver:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    27.11.2019, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    13.11.2019