Marknad og moral
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ECON150
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
«Grådighet er bra» ifølge Gordon Gecko i filmen Wall Street. Er grådighet og egoisme nødvendig for at marknader skal fungera? Premierer marknaden grådighet? Nei. Marknader straffar grådighet og egoisme ifølge Adam Smith, grunnleggaren av faget samfunnsøkonomi. Tvert imot, ifølgje Smith dyrkar marknader fram det å vera ærleg, å halda ord, å stola på framande og å vera verd tillit.
Marknadsteori og moralteori står sentralt i emnet. Kva gjer folk i ein marknad? Korleis veit folk skilnad på rett og gale? Og, korleis endrar framveksten av individualiserte marknadssamfunn moral og verdiar? Desse teoriane blir nytta til å forstå institusjonar som klansamfunn, mafia, sjørøvarar, supermarknad, Uber og Airbnb.
Sentrale tekstar i emnet er deler av Adam Smiths to bøker The Theory of Moral Sentiments (1759) og An Inquiry into the Nature and Causes of the Wealth Nations (1776). I emnet møter du også moderne marknadsteori og åtferdsøkonomi. Åtferdsøkonomi er vaksen fram som noko nytt i økonomifaget dei siste 30 åra og viser at folk ikkje oppfører seg som Homo Economicus. Folk både deler pengar og stolar på framande.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjera greie for utviklinga av velstanden mellom samfunn
- forklara teoriar for marknader der det sentrale er frivillige bytte
- forklara ulike teoriar for korleis moral blir danna og utvikla
- forklara sentrale deler av åtferdsøkonomi
- forklara korleis utvikling av marknader heng saman med utvikling av moralske reglar
Ferdigheiter
- Studenten kan kritisk analysera og formidla samanheng mellom marknad og moral
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering med samla karaktervurdering basert på tre deler som tel likt i vurderinga:
- Oppgåve 1 (33,3 poeng)
- Oppgåve 2 (33,3 poeng)
- Oppgåve 3 (33,3 poeng)
Oppgåvene kan skrivast åleine eller i ei gruppe på maks 3 studentar. Oppgåvene kan leverast skriftleg eller som podcast.
Kvar oppgåve er knytt til eit spesifikt tema i førelesingane.
I den samla vurderinga blir det lagt vekt på progresjon.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no.
Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.