Velferd og økonomisk politikk
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeECON210
- Talet på semester1
- Språk
Norsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi studentane ei innføring i sentrale delar av teorien for ressursallokering, velferdsteori og beskatning.
Det vert gitt ein introduksjon til teorien om generell likevekt. Etter dette gjer vi greie for korleis ressursane i ein økonomi bør allokerast for å oppnå best mogleg utnytting. Vidare vil ein i kurset gjera greie for korleis ein kan sikre effektiv ressursbruk når ein har innslag av eksterne effektar og kollektive gode i økonomien. Andre sentrale spørsmål som vert tatt opp er nytte- kostnadsanalysar og politisk økonomi. Kurset vil også ta opp effektivitets- og fordelingseigenskapar ved ulike former for skattar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
- forstår og kan beskrive normativ velferdsteori.
- kan forklare kva kollektive gode er, kvifor desse ikkje vert produsert i ein marknadsøkonomi og korleis det offentlege kan tilby godane.
- kan forklare kva det offentlege sine hovudoppgåver inneber.
- kan gjere greie for skatteteori.
- Kan forklare kva som menes med diskontering av framtida, og sosial diskonteringsrate.
Ferdigheiter
Kandidaten...
- kan gjere greie for kva ein eksternalitet er og korleis ein kan løyse eksternalitetsproblem.
- kan framstille kostnad-nytte-analyser for både private og offentlege gode.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Oppdatering: Vurderingsform er endra frå 4 timar skuleeksamen til 4,5 timars heimeeksamen som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontakt
Institutt for økonomi
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen (Ny eksamen)
- Oppgave utleveres
- 22.02.2022, 09:00
- Innleveringsfrist
- 22.02.2022, 13:30
- Trekkfrist
- 08.02.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen