Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Politisk økonomi - økonomiske perspektiver

Undervisningssemester

Ujamt

Mål og innhald

Studentane skal ha kunnskap om korleis økonomisk politikk faktisk blir utforma gjennom samspel mellom ulike samfunnsaktørar. Spesielt må studentane kunne analysere korleis organiseringa av politiske prosessar påverkar makroøkonomisk politikk og fordelingspolitikk.

Mykje av pensum i samfunnsøkonomi dreier seg om korleis økonomisk politikk bør utformast. Dette emnet tar for seg korleis økonomisk politikk faktisk blir utforma gjennom samspel mellom ulike samfunnsaktørar, herunder velgjarar, politiske parti og interessegrupper. Sentralt i emnet er korleis organisering av politiske prosessar påverkar makroøkonomisk politikk og fordelingspolitikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • kan gi en oversikt over sentrale teoriar for korleis økonomisk politikk faktisk vert utforma gjennom samspel mellom ulike samfunnsaktørar, her under veljarar, politiske parti og interessegrupper.
  • kan forklare korleis ulike avgjerdsreglar og -prosedyrar verkar i direkte og representative demokratiske system.
  • kan gjere greie for viktige omgrep som medianveljarteoremet, minste vinnande koalisjon og rent-seeking.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • er i stand til å bruke den teoretiske kunnskapen til drøfting og analyse av praktiske og aktuelle økonomisk-politiske problemstillingar.

Tilrådde forkunnskapar

ECON110, 130, 140, 210, 230, 240

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar. Seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent innleveringsoppgåve. Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøver:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    27.08.2019