Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Statistikk og økonometri

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet skal gi den nødvendige bakgrunn i sannsynsrekning, statistikk og økonometri som trengs for å gjere studentane metodologisk i stand til å møte dei krav som stillast i kurs vidare på studiet. I tillegg kan kurset tene som ei inspirasjon for studentane til å velje empiriske/økonometriske tema på bacheloroppgåva. Vidare skal kurset gjere studentane fortrulege med bruk av PC til statistiske oppgåver.

Emnet dekker grunnleggjande statistikk med særleg vekt på enkel regresjon. Det vert også gitt ei innføring i bruk av statistikkpakken Stata for PC. Kurset tar opp emne innan sannsynsrekning som sannsynsmodellar, diskrete og stokastiske variablar og fordelingar, men legg hovudvekt på emne innan statistisk analyse, som estimering, hypotesetesting og regresjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Kan forklare kva som kjenneteiknar diskrete og kontinuerlige sannsynsfordelingar og spesielt kjenne eigenskapane til utvalde sannsynsfordelingar som binomialfordelinga, normalfordelinga, students t-fordeling, kji-kvadratfordelinga og F-fordelinga.
  • Kan gjere greie for teoretisk statistikk som dannar grunnlaget for å trekke slutningar om forhold i ein populasjon basert på eit mindre representativt utval.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan utføre elementær sannsynsrekning.
  • Kan utføre hypotesetestar om ukjente populasjons-parameter.
  • Kan utføre og vurdere resultat frå enkel regresjonsanalyse ved hjelp av minste kvadraters metode.
  • Kan bruke programpakken STATA som reiskap for å utføre enkle regresjonsanalyser.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON140/MAT101

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminarundervisning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2 oppgåveinnleveringar.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøver:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgende semester kun for studenter med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    10.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    27.08.2019
    Sted