Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bedriftsøkonomi for samfunnsøkonomar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeECON263
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk og engelsk

  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår/ujamnt

Mål og innhald

Mål:

Formålet med emnet er å gi ei innføring i sentrale bedriftsøkonomiske omgrep og analyseverktøy. Del 1 av emnet gir ei innføring i finans- og driftsrekneskap, samt budsjettering-, likviditet- og kontrollsystem. Del 2 av emnet gir ei innføring i ulike teoretiske og empiriske metodar for optimal bedriftsåtferd, inkludert grunnleggjande finansiell økonomi, strategi, marknadsføring, og økonomisk styring. Del 1 blir forelese på norsk, og del 2 blir forelese på engelsk.

Innhald:

Bedriftsøkonomi handlar om korleis bedrifta koordinerer bruk av knappe ressursar for å oppnå høgast mogeleg verdiskaping. Bedriftsøkonomi omfattar blant anna finansiell økonomi, marknadsføring, rekneskap og revisjon, strategi, og økonomisk styring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten ...

  • Har forståing for sentrale omgrep innan bedriftsøkonomi.
  • Har grunnleggjande kjennskap til rekneskap- og skattereglar i Noreg, inkludert NRS (Norsk Rekneskapsstandard) og IFRS (International Financial Reporting Standards)
  • Forstår grunnleggjande føresetnader og svakheiter ved tradisjonell kalkulasjon.
  • Har innsikt i optimalt design av internpriser
  • Har kjennskap til verdsetjingsmetoda innan finans
  • Har kjennskap til korleis finansiering og kapitalstruktur påverkar lønsemda til bedrifter
  • Forstår metodar for å evaluere effekten av rekneskapsframlegging på aksjepris.
  • Har kjennskap til korleis bransjefaktorar og konkurransefortrinn driv skilnader i lønsemd mellom ulike bedrifter
  • Har kjennskap til skilnaden mellom mellombels og varige konkurransefortrinn
  • Har kjennskap til korleis bedrifter utviklar varige konkurransefortrinn
  • Har kjennskap til grunnleggjande marknadsføring, inkludert posisjonering og marknadssegmentering, samt korleis etterspørselselastisitet, komplement og substitutt påverkar optimal bedriftsåtferd
  • Har kjennskap til metodar og teoriar for økonomisk styring (management control)
  • Har kjennskap til optimeringsteknikkar for produksjon- og logistikksystemar.

Ferdigheiter

Studenten...

  • Kan utføre enkle bedriftsøkonomiske analysar
  • Kan tolke sentrale storleikar i finans- og driftsrekneskapen
  • Kan utarbeide og tolke ulike internrekneskap
  • Kan estimere parametrar som inngår i internrekneskap
  • Kan evaluere lønsemda av investeringar
  • Kan evaluere korleis komplement og substitutt påverkar lønsemda til bedrifta
  • Kan evaluere korleis flaskehalsar påverkar høvet til produksjon
  • Kan utføre enkle analysar av marknadssegmentering og posisjonering
  • Kan rekne ut optimale internprisar for ein gitt kostnadsstruktur
  • Har trening i å utvikle strategi for enskildbedrifter, samt å uttrykke seg skriftleg om denne strategien

Krav til forkunnskapar

ECON210 og ECON240

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består av ca. 30 timar forelesingar, 4 timar med oppgåveseminar, og 1-2 timar gjesteforelesing frå næringslivet. For å maksimere læringsutbytte, tilrår vi at studentane følgjer (og deltar aktivt i) alle oppsette forelesingar og oppgåveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To skriftlege innleveringer. Det blir oppfordra til arbeid i gruppe, men kvar student må levere eit individuelt svar. Oppgåvene blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøver:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    13.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    27.08.2019
    Sted