Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Bacheloroppgave

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust/vår

Høsten 2022 er det bare mulig å ta versjon B.

Fra og med 2023 tilbys emnet kun om våren

Mål og innhald

Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei samfunnsøkonomisk problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt økonomisk problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftas ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei empirisk analyse av kvantitative data. Institutt for økonomi bidrar med ei liste med forslag til tema og problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • kan anvende teori og empiri til å forstå samfunnsøkonomiske problemstillingar
  • har kjennskap til vitskapeleg skriving og kjeldebruk

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan formulere, drøfte og analysere en samfunnsøkonomisk problemstilling
  • kan skrive en klar og strukturert oppgåve
  • kan innhente passande litteratur

Kompetanse

Kandidaten...

  • mestre skriftleg og munnleg presentasjon av eige arbeid
  • kan drøfte andre sitt arbeid kritisk

Krav til forkunnskapar

ECON110, ECON130, ECON140, ECON210, ECON230 og ECON240.

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Felles informasjonsmøte og bachelorseminar ved semesterstart.

Det er mogleg å gjennomføre ECON290 på to forskjellige måtar:

  • med rettleiing og munnleg presentasjon (versjon A) og
  • utan rettleiing og munnleg presentasjon (versjon B).

Begge versjonane er opne for alle studentar på kurset, men versjon A er tilrådd av Institutt for økonomi.

  • Versjon A: Gruppemøte 1 (3 timar), individuell rettleiing (30 minutt), gruppemøte 2 med presentasjon og opposisjon (4 timar).
  • Versjon B: Inga rettleiing. Versjon B er basert utelukkande på sjølvsstudium.

Studentane kan ikkje skifte bachelorversjon etter at første gruppemøte er heldt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Versjon A:

  • Godkjend prosjektskildring, munnleg presentasjon og deltaking på 1. gruppesamling
  • Godkjend førsteutkast og deltaking på individuell rettleiing
  • Godkjend utkast til 2. gruppesamling, samt munnleg presentasjon og opposisjon på samlinga

Merk at det berre vil bli gitt ein sjanse til å få godkjend kvart av dei obligatoriske krava, og at dei berre er gyldig inneverande semester.

Versjon B:

  • Ingen obligatoriske arbeidskrav

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

-

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet. 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve rettleiia med undervisning (versjon A)

    Innleveringsfrist
    20.05.2022, 12:00
    Trekkfrist
    06.05.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve uten rettleiing og undervisning (versjon B)

    Innleveringsfrist
    20.05.2022, 12:00
    Trekkfrist
    06.05.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen