Hjem
Studentsider
Masteremne

Miljøøkonomi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og/eller vår.

Mål og innhald

Formålet med kurset er å gi ein gjennomgang av miljøøkonomisk teori.

Kurset tar for seg miljøøkonomi, og omfattar følgjande tema: marknadssvikt og forureining, ulike verkemiddel mot forureining (avgifter, standardar, omsettelege kvotar, forhandlingar), verkemiddelbruk under visse og uvisse, opsjonar og irreversibilitet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap om ulike typar marknadssvikt på miljø-, klima- og naturressursområdet.
  • har god kunnskap om omgrepa «flow and stock pollutants» og for kva for nokre prinsipp som gjeld for optimal handtering av desse sett frå samfunnets synsstad.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere økonomiske problem knytt til bruk av naturressursar, her under klimaproblemet.
  • kan bruke kunnskap om ulike typar marknadssvikt på miljø-, klima- og naturressursområdet på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val for løysing.
  • kan reflektere over eigen bruk av miljøøkonomisk teori og justere denne under rettleiing.
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff om prinsipp som gjeld optimal handtering av dei sentrale omgrepa «flow» og «stock pollutants» og framstille dette slik at det kastar lys over ei problemstilling.
  • kan vurdere effekten av ulike verkemiddel mot forureining under ulike marknadsforhold.

Generell kompetanse

Studenten

  • har kompetanse til å inngå i utgreiings- og analysearbeid i offentlege institusjonar og i større ikkje-offentlige verksemder på miljø- og naturressursområdet.
  • har innsikt i og kan formidle miljøøkonomiske teoriar, problemstillingar og løysingar både munnleg og skriftleg.
  • viser evne til kritisk tenking og refleksjon rundt bruken av miljøøkonomisk kunnskap i ulike situasjonar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

ECON316 (5 sp)

Krav til studierett

Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi og profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjend innleveringsoppgåve

Vurderingsformer

3 timar skriftleg skuleeksamen

Oppdatering: Vurderingsform er endra frå 3 timar skuleeksamen til 3 timars heimeeksamen våren 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.  

Kontakt

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no

Eksamensinformasjon