Hjem
Studentsider
Masteremne

Ressursøkonomi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og/eller vår.

Mål og innhald

Formålet med kurset er å gi ein gjennomgang av økonomisk teori for utnytting av naturressursar.

Kurset vil omfatte økonomisk teori for hausting og forvaltning av fornybare og ikkje-fornybare ressursar. Kurset tar for seg tilpassing under ulike kostnadsforhold, ulike marknadsformer og uvisse. Kurset vil også ta opp problemstillingar i høve til regulering og bruk av naturressursar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap om prinsipp for samfunnsøkonomisk optimal utvinning av ikkje-fornybare og fornybare ressursar.
  • har god kunnskap om utvinning av ikkje-fornybare ressursar under ulike marknadsformer.
  • har god kunnskap om måling av ressursknapphet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere økonomiske problem knytt til bruk av naturressursar, her under klimaproblemet.
  • kan bruke kunnskap om prinsipp for samfunnsøkonomisk optimal utvinning av ikkje-fornybare og fornybare ressursar på praktiske og teoretiske problemstillingar.
  • kan framstille skriftleg og munnleg problemstillingar om utvinning av ikkje-fornybare ressursar under ulike marknadsformer.
  • kan bruke teknikkar for måling av knappheit på ressursar og ved hjelp av marknadsteoriar kaste lys over problemstillingar rundt regulering og bruk av naturressursar.

Generell kompetanse

Studenten

  • har kompetanse til å inngå i utrednings- og analysearbeid i offentlige institusjonar og i større ikkje-offentlige verksemder på miljø- og naturressursområdet.
  • har innsikt i miljøutfordringar haustinga og forvaltninga av ikkje-fornybare ressursar utgjer.
  • kan formidle sentrale ressursøkonomiske teoriar, problemstillingar og løysingar.
  • med bakgrunn i ressursøkonomisk teoretisk innsikt vere i stand til å utveksle synspunkt og erfaringar med andre på fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

ECON316 (5 sp)

Krav til studierett

Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi og profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjend innleveringsoppgåve

Vurderingsformer

3 timar skriftleg skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.  

Kontakt

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    20.05.2022, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    06.05.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen