Helseøkonomi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gjera studentane interessert i og i stand til å vurdera ulik politikk relatert til helse - sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. For å komme dit, må ein forstå både kvifor ulike land vel ulike helsesystem, korleis aktørane i helsesystemet tilpassar seg, og korleis individa som nyttar helsesystemet tilpassar seg. På eit overordna plan skal emnet formidle forståing for dei økonomiske samanhengane mellom helse på den eine sida, og utvikling, forskjell og helsepolitikk på den andre sida.

Studiet tar opp tema som:

  • Helse og utvikling - mikro- og makro-samanhengar
  • Helsekapital
  • Helseinvesteringar over livsløpet
  • Helse og åtferd - med spesielt fokus på intervensjonar
  • Den sosioøkonomiske gradienten i helse - kva påverkar kva?
  • Helsesystem i ulike variantar, og dessutan reformer i nyare tid
  • Utfordringar og insentiv på tilbodssida

Det kan variera litt frå gong til gong akkurat kva for nokre av desse tema vi fokuserer på.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har kunnskap om

  • Samanhengen mellom helse og utvikling i makrostudiar
  • Samanhengen mellom helse og utvikling i mikrostudiar
  • Helse som konsum- og investeringsgode
  • Grossmans humankapitalmodell
  • Korleis åtferd påverkar dødelegheit og om/korleis åtferd kan påverkast
  • Kva den sosioøkonomiske gradienten i helse består i
  • Empirisk og teoretisk grunnlag for ein kausal samanheng mellom utdanning og helse
  • Ulike helsesystem og kva hovudkomponentar dei har
  • Restriksjonar ulike helsesystem legg på tilbods- versus etterspørselsida
  • Policy-endringar i helsevesen i rike land (Europa og USA)
  • Problem på tilbodssida: kompetanse, kvalitet og nærvær
  • Insentiv på tilbodssida - om og korleis dei verkar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Gjere greie for teoretisk og empirisk grunnlag for tema vi har gått gjennom i kurset
  • Gi døme frå nyhendebildet / aktuelle debattar som relaterer seg til dei ulike tema vi har gått gjennom i kurset og analysere dei i eit samfunnsøkonomisk perspektiv
  • Knyte saman teori og empiri
  • Sjølvstendig belyse aktuelle forskingstema ved hjelp av teori og empiri
  • Lese og forstå aktuelle vitskaplege artiklar som gjer bruk av konsept, teoriar og metodar vi har gått gjennom i kurset
  • Kritisk vurdera vitskaplege artiklar og rapportar som omhandlar tema vi har gått gjennom i kurset
  • Gjere greie for korleis dei ulike tema vi har gått gjennom i kurset er relevante for politikk utforming

Generell kompetanse

Studenten kan

  • bruke kursinnhaldet i eige vitskapleg arbeid, til dømes i arbeid med masteroppgåve
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialistar og til allmennheten

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust, ujamnt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og Integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør). Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein obligatorisk presentasjon i gruppe.
Vurderingsformer

3 timar skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.