Makroøkonomisk analyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset har som mål å gi studentane innsikt i sentrale delar av moderne makroøkonomisk teori, samt å øve opp evnene deira til å gjere sjølvstendige og kritiske vurderingar av kor godt teoriane kaster lys over empiriske funn.

Makroøkonomien prøver å svare på sentrale samfunnsspørsmål. Kvifor er det så stor forskjell mellom fattige og rike land, og korleis kan eventuelle ulikskapar jamnast ut eller gjerast mindre? Kva er årsaka til store svingingar i økonomien? Kvifor finst det arbeidsløyse? Korleis blir inflasjon skapt? Kva for høve til styring har offentlege styringsmakter og kva for styringsinstrument er mest effektive?

Gjennom faget skal studentane lære å gjere bruk av ulike modellar til å analysere og forstå ulike fenomen i økonomien. Dei ulike modellane er konstruert for å analysere avgrensa problemstillingar. Dette gjer at faget kan verke noko fragmentert. I alle høve er dei ulike modellane nødvendige for å få ei djupare forståing av faget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Du lærer

  • Klassisk (Solow) og moderne (endogen) vekstteori
  • Tradisjonell Keynesiansk og ny-keynesiansk teori
  • Teoriar for konsum, sparing, investering og offentlig gjeld
  • Realkonjunkturteori

Ferdigheter

Du skal kunne

  • Bruke teoriane du har lært til å gjere greie for faktorar som med på å bestemme økonomisk vekst
  • Bruke teoriane du har lært til å gjere greie for faktorar som bestemmer aggregert etterspurnad i økonomien, og gjere greie for korleis styresmaktene kan påverke denne gjennom ein aktiv rente og finanspolitikk
  • Bruke teoriane du har lært til å diskutere korleis og i kva grad og styresmaktene kan jamne ut svingingar i inflasjon og produksjon
  • Bruke teoriane du har lært til å gjere greie for faktorar som er med på å bestemme nivået av konsum, sparing og investering, og diskutere i kva grad styresmaktene kan påverke desse

Kompetanse

Du skal

  • Vere I stand til å lese og forstå rapportar og akademisk arbeid som brukar eller byggjer på ideane, teoriane og metodane som blir introdusert i dette kurset
  • Vere i stand til å bruke ideane, teoriane og metodane som blir introdusert i dette kurset, i ditt eige akademiske arbeid, for eksempel i arbeidet med masteroppgåva

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, Integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør) og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjent innleveringsoppgåve. I godkjenninga kan både skriftleg og munnleg presentasjon inngå.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.